Sport | 06. juli 2017

Os mot røkla

Sprekere • Er du klar for ein ny kommunekamp? Denne gang ikkje berre mot Askøy, men også mot Bergen, Fjell, Osterøy, Lindås og Meland, Sund og Øygarden.

Os mot røkla
Kvart minutt og kvar aktivitet tel når vi i august skal kjempa om å bli den sprekaste kommunen i Bergensregionen (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 06. juli 2017 08:07

Hugser du i 2015 då vi kjempa ein tett og jamn kamp mot Askøy om kven som hadde dei sprekaste innbyggjarane. Ein kamp vi vann, om enn ikkje med meir enn 1280 poeng.

– No er vi klare for ein ny og utvida kamp. Denne gangen er det ikkje kilometer, men minutt som tel, seier Midtsiden sin sjølvutnemnde sperkare-general, Andris Hamre.

Ein månad med tøff konkurranse

Konkurransen blir arrangert av Bergens Tidende saman med lokalavisene Askøyværingen, Bygdanytt, Strilen, Vestnytt og Midtsiden og går som ei oppkøyring til sykkel-VM i september.

Konkurranseperioden er frå 16. august til 16. september, men allereie i dag kan du melde deg på. Gjer det her!

All aktivitet tel

I årets kommunekamp tel all type aktivitet.

Om du går tur, løper, syklar med eller uten el-sykkel, svømmer, padler eller ror, klatrar, speler fotball, handball, basket eller innebandy, driv pilates eller yoga eller om du driv styrketrening eller driv på helsestudio, så meld deg på. Her er det ope får alle type aktivitetar. Sjå døme på fleire aktivitetar her.

Enkel registrering

Å delta på Os sitt lag er sjølvsagt gratis. Minuttane registrerer du enkelt på sprekere.no eller med Sprekere appen. Du kan også nytte treningsappane Endomondo, RunKeeper eller Strava. Du koblar dei enkelt saman med konkurransa når du registrerer deg.

Klarer du vekesmåla?

I kommunekampen blir den sprekaste kommunen/bydelen kåra. Vinnaren er laget med flest minutt i gjennomsnitt. I tilleg blir den sprekaste i kvart lag kåra.

For å halde motivasjonen oppe vil vi kvar veke trekke spennande premier blant alle dei som klares vekesmåla i løpet av konkurransen.

Måla er:

  • Uke 1: Målet er 350 minutter - trekkes 23. august
  • Uke 2: Målet er 700 minutter - trekkes 30. august
  • Uke 3: Målet er 1000 minutter - trekkes 6. september
  • Uke 4: Målet er 1400 minutter - trekkes 13. september

Meld deg på allereie i dag

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.