Sport | 06. apr. 2018

Os møter Olis i NM

NM-trekninga: Første runde er klar. Sjå kven Os og Lysekloster møter, og kven som får heimekamp.

Os møter Olis i NM
Åsane og Ole Martin "Olis" Kolskogen kjem til Kuventræ 18. april for å spele 1. runde i NM mot Os (foto: Erik Madsen, Åsane Tidende)
Andris Hamrefredag 06. apr. 2018 11:58

Kampane i 1. runde i NM menn er no klare.

Kampane skal spelast onsdag 18. april.

– Det er som alltid stor interesse rundt første runde i NM. Vi prøver å laga gode oppgjer som skaper stort engasjement og interesse. Ellers er kriteriene at lag frå Eliteserien og OBOS skal spela borte og møter lag frå 3. og 4. divisjon, og at laga helst ikkje har møttest i cupen dei siste tre åra, seier Rune Pedersen, seksjonsleiar for kampadministrasjon i NFF i ei pressemelding.

– Mange lag ønskjer seg motstand frå Eliteserien, men det er kun 16 som kan få det og det er ein vanskeleg kabal. Vi håper oppgjera som er sett opp vil sørgje for cupfest over heile landet.

For Osbygda sine to lokale lag blir det eitt heimeoppgjer og eitt borteoppgjer.

  • Os – Åsane
  • Arna-Bjørnar - Lysekloster

Sandviken tar imot Brann, Erik Kanestrøm og resten av Øystese tar imot Sogndal.

Her er fleire lokale oppgjer i første NM-runde:
Sotra – Vard Haugesund
Arna-Bjørnar – Lysekloster
Fana – Nest Sotra
Tertnes – Fyllingsdalen

Sjå heile oppsettet her

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.