Sport | 21. jan. 2015

Os møter sterk motstand

I 4 av dei 5 første treningskampane i vinter møter Os motstand frå 1. og 2. divisjon. Først ut er Odda på Kuventræ laurdag.

Os møter sterk motstand
Os avslutta 2010 med å leia fleire gongar over Nest-Sotra (bildet). Kampen enda 3-3, Os rykte ned til 3. div og Nest-Sotra tok 4. plassen. Sidan 2013 har det vore to divisjonar mellom laga. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 21. jan. 2015 12:10

Oppkjøringa er i gang og A-laget til Os, som no er leia av Hassan El Fakiri, trener som alle elitelaga i klubben fire økter i veka.

Laurdag (kl 13) er første treningskamp og Os, som har ambisjonar om opprykk, tar imot Odda, som rykte opp til Oddsen-ligaen (2. div) frå Os si avdeling i fjor.

Seinare ventar Sotra, som hamna på 2. plass 4 poeng bak Odda, Nest-Sotra frå den nye OBOS-ligaen (1. divisjon) og Fyllingsdalen og Fana frå Oddsen-ligaen.

– Det kan bli tøft, både fysisk og mentalt, men vil vi opp så held det ikkje å berre snakka om eit anna nivå, spelarane må få smaka på det fysisk.

– Vi kunne brukt vinteren på å spela på oss sjølvtillit, men vi vil heller førebu oss ved å lata spelarane kjenna kva nivå vi skal opp på, seier sportssjef Lars Bakkerud.

Store og små oppturar

Bakkerud er glad for at han har fått til så mange treningskampar mot lag frå høgare nivå.

Han har presisert ovanfor dei beste klubbane at det er A-laget han vil at Os skal møta, og dei har stadfesta at dei skal koma med sitt beste mannskap.

– God motstand er læring uansett. Det kan gje nokre oppturar, om vi presterer ekstra bra. Men også i kampar der laget samla sett måtte oppleva å gjera det dårleg, kan det vera at nokre av enkeltspelarane våre får sine oppturar.

Sportssjefen snakkar om dei små kampane i kampen, duellane og matchinga spelar mot spelar.

– Parallelt med å trena på å fungera saman som eit lag skal vi driva spelarutvikling. Når kvar enkelt spelar får kjenna på dette med høgt pasningstempo og tøffare klima i begge boksane så får også kvar enkelt spelar lærdom og eit bevisst forhold til kva som må til om vi saman skal løfta oss.

Treningskampar og treningsleir

Os skal, som i fjor, på treningsleir til Kypros. Årets treningsleir blir frå 14. til 22. mars, med treningskamp mot førebels ukjent motstandar midt i opphaldet.

Heime i Hordaland er det sett opp desse treningskampane:

Laurdag 24/1: Os - Odda (Kuventræ)
Laurdag 31/1: Sotra - Os (borte)
Laurdag 14/2: Os - Nest-Sotra (Kuventræ)
Laurdag 21/2: Fyllingsdalen - Os (Varden)
Søndag 1/3: Fana - Os (Vestlandshallen)

Første kvalifiseringskamp til NM er 25. mars, andre kvalik går 8. april, seriestart for Os blir borte mot Stord laurdag 11. april.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.