Næringsliv | 28. mai 2015

Os Næringsråd byr på Trond Haukedal

– Flørtar du mykje når du er sur, spør den prisløna foredragshaldaren. Måndag kjem den erfarne og morosame psykologen til Os for å gje det lokale næringslivet eit løft.

Os Næringsråd byr på Trond Haukedal
Måndag morgon møtest næringslivet i Os i Oseana igjen, denne gong for å høyra på motivator og psykolog Trond Haukedal (innfelt).
Andris Hamretorsdag 28. mai 2015 09:35

Nyetablerte Os Næringsråd er klar med sine to første samlingar, foredrag og lunsj på Oseana måndag og cruise med mat og levande musikk om bord på MS Midthordland den siste torsdagen i juni.

– Mai har vore travel, så vi kom dessverre litt seint ut med invitasjonen. Men vi er veldig nøgd med at vi har fått booka Trond Haukedal til møtet og håper flest mogleg får dette med seg, seier styreleiar Kjetil Vasby Bruarøy.

Inspirerande foredrag om leiarskap og motivasjon var blant det medlemmane viser størst interesse for, ifølgje undersøkinga næringsrådet gjennomførte i mars.

– Haukedal har ikkje berre ein innhaldsrik CV, vi har fått veldig gode referansar på han, blant anna frå osingar. Han er fagleg sterk og morosam, som ein merkantilt orientert Dagfinn Lyngbø, seier Bruarøy.

– Vi har kanskje litt lik stil, det er ikkje første gong eg høyrer det. Til og med tanta og kona til Dagfinn har kommentert det. Men eg er ikkje frå Askøy, eg er frå Hylkje i Åsane, seier Haukedal.

Vilje til å gjera ditt beste

Trond Edvard Haukedal er 57 år. Han har fartstid som leiar for to kjøpesenter og som annonsesjef i Bergens Tidende. Parallelt med dette, samanhengande i 30 år, har han drive klinisk praksis som psykolog.

Etter at han for 19 år sidan supplerte 1-til-1-dialogen han praktiserer som psykolog med å motivera større grupper, har han både blitt kåra til årets foredraghaldar i Noreg og fått heiderspris for same rolle. Haukedal er også forfattar bak «Solstråleboken» (2009), som selte heile 27.000 eksemplar, og «Boken om høysensitivetet» (2014).

– I Os vil eg snakka om arbeidsglede og verdiskapande kommunikasjon. Korleis du kommuniserer med kundar, leverandørar og tilsette påverker bedrifta di. Om du snakkar til meg på feil måte så vil eg ikkje handla hos deg.

– Fagkunnskap er hardware, kommunikasjon er software. Sjå på Brann. Dei har det største apparatet og dei visste godt at det var viktig å slå Levanger, likevel klarer dei ikkje å skapa vilje til å gjera sitt beste.

– Det er det som er målet mitt, at du som høyrer på skal få lyst til å gjera ditt beste. Eg skal fortelja deg kvifor og korleis.

Frukostmøte med ny vri

Os Næringsråd har skifta namn frå Os Næringsforum. Årsaka er at Os i Østerdalen har eit næringsforum som vestlendingane vil unngå å hamna i namnekollisjon med.

Når dei måndag inviterer til møte, foredrag og lunsj, er det litt på same lest som Os kommune sin frukost for næringslivet, men med ein ny vri.

– Vi satsar på at folk et frukost heime og byr på kaffi frå klokka 8.30, for dei som ønskjer å koma tidleg. Matserveringa blir etter foredraget, frå 11 til 12, sånn at dei som er travle kan ta ein rask matbete før dei går på jobb igjen, mens dei som kjem i prat, gjerne med ein kunde eller ein i same bransje, kan bli sitjande og ta ein lengre lunsj.

Møtet er ope for både medlemmar og dei som ikkje er medlem i næringsrådet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.