Lokal | 12. sep. 2016

Os og Fusa kommune

Lesarinnlegg: Den nye kommunen bør heita Os og Fusa kommune, meiner Olav Søfteland.

Os og Fusa kommune
Det er Fusafjorden og ikkje Bjørnafjorden som skil Os og Fusa påpeiker Olav Søfteland (ill: Os kommune sitt kart)
Lesarinnleggmandag 12. sep. 2016 08:13

Kommunestyra i Fusa og Os har som kjent gjort vedtak om at dei to kommunane skal bli éin kommune. Eg foreslår at namnet på den nye kommunen blir Os og Fusa kommune og ikkje Bjørnefjorden kommune, slik det står i intensjonsavtalen mellom dei to kommunane.

Bjørnafjorden går aust–vest nord for Tysnes og sør for Fusa og Os. Bjørnafjorden vil derfor vera eit naturleg kommunenamn dersom den nye kommunen skal bestå av Tysnes, Os og Fusa.

Fjorden som går mellom Fusa og Os heiter Fusafjorden. Det blir derfor misvisande å kalla ein kommune som berre består av Fusa og Os, for Bjørnafjorden. Det blir meir korrekt å kalla kommunen for Os og Fusa kommune eller Fusa og Os kommune. Det siste er etter alfabetet; det første er lettast å uttala. Dessutan vil dette namnet best visa kvar i landet kommunen ligg, og namnet vil vera positivt for identiteten for innbyggjarane i den nye kommunen.

Det er ikkje uvanleg med dobbelt kommunenamn. Me har i dag kommunane Aurskog-Høland, Evje og Hornnes, og Nore og Uvdal.

Dersom ein likevel skal leggja Bjørnafjorden til grunn for det nye kommunenamnet, bør ein óg skriva kommunenamnet slik namnet på fjorden er skrive, dvs. Bjørnafjorden med a (Bjørnefjorden ligg i Solund). Dersom nokon meiner at dette er i strid med gjeldande rettskriving, meiner eg at me av omsyn til identiteten stundom må kunna bruka dialektformer slik som f. eks. Osøyro og Øystre Slidre.

Eg har også høyrt Bjørnafjord nemnt som nytt kommunenamn. Det er tolv kommunar som har namn som endar på fjord (bl.a. Eidfjord). Nokre av desse kommunenamna er også tettstad- eller bynamn. I tillegg har me Masfjorden kommune. Eg synest den sistnemnede forma passar best for oss som bur rundt Bjørnafjorden.

Olav Søfteland

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.