Espen Birkeland i duell med Øystein Takle Eide i den dramatiske NM-kampen på Kuventræ i 2016. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Os og Lysekloster direkte til «tippeligaen»

Snakk om tigersprang!

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os og Lysekloster skal spela i same avdeling i 3. divisjon i år, avdeling 4 av 6. Lokaloppgjera blir 6. mai (i Lysefjorden) og 19. august (Kuventræ).

Etter omlegging av seriesystemet i fjor, der 2. divisjon blei halvert frå 4 til 2 avdelingar, skulle 3. divisjon døypast om til Regionsligaen.

No har 3. divisjon fått nytt namn; Norsk Tipping-ligaen.

Øvste nivå har som kjent tatt tilbake namnet Eliteserien før årets sesong, dermed er «Tippeligaen» ledig (og vanskeleg å unngå?) som kallenamn på årets 3. divisjon.

Ny avtale med Norsk Tipping

Namnet Norsk Tipping-ligaen kom etter at Norsk Tipping 4. mars teikna ny fireårsavtale med Norges Fotballforbund.

«Sammen skal NFF og Norsk Tipping løfte hele bredden av norsk fotball gjennom Grasrottreneren,  Fair play, Norsk Tipping- ligaen (fjerde nivå for herrer) og landslagene» heiter det i pressemeldinga.

Den totale verdien på samarbeidsavtalane mellom NFF og Norsk Tipping har no ein verdi på 25 millionar kroner per år.

Den gong 1. divisjon var på topp

Namnet på øvste nivå i norsk fotball har hatt Tippeligaen som namn sidan 1990.

Tidlegare namn på øvste nivå har vore Norgesserien (1937–1948), Hovedserien (1948–1962) og 1. divisjon (1963–1989).

Då folk heldt fram med å kalla øvste nivå for 1. divisjon blei det før 1991-sesongen lagt om sånn at nest øvste nivå fekk namnet 1. divisjon (seinare Adeccoligaen, i dag OBOS-ligaen).

Visste du dette om øvste nivå?

• Fredrikstad vann (Norgesserien) 7 av 9 første sesongar frå 1937.
• Brann vann serien på øvste nivå første gong i 1961-62 og følgde opp med siger i 1963.
• Viking vann fire år på rad på 70-talet (1972-1975).
• Rosenborg vann serien alle år frå 1990 til 2006, med unntak av 1991 (Viking) og 2005 (Vålerenga). 15 av 17, med andre ord.
• Sist Brann vann Tippeligaen var i 2007. I fjor blei det sølv, som i 2006, 2000 og 1997.
Kjelde: Wikipedia

• Os vann serien på nest øvste nivå (den gong 2 divisjon) i 1974 og fekk éin sesong på øvste nivå i 1975.
• Sist Os spelte i 2. divisjon (nivå 3) var i 2010, 2008 og 2007. Opprykket i 2006 var det første etter nedrykket i år 2000.
• Lysekloster rykte ned til «Tippeligaen» etter sin første sesong i 2. divisjon i 2016.

Os og Os 2 reiste på treningsleir til Kypros tysdag, Lysekloster reiser til Spania i dag.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Gang- og sykkelveg heilt i skodda

27. mars 2017

Kommunen prioriterer trygging av Hatvikvegen på topp, men slit med å få Statens vegvesen til å ta arbeidet med grunnavståing.

bilde-midtsiden

Tuva sparka seg til NM-sølv

27. mars 2017

Karate-NM i Bærum: Etter Tiril sitt gull og Carmen sin bronse laurdag, følgde Tuva, Armin og Benjamin opp med kvar sine medaljar søndag.

bilde-midtsiden

Rota vekk sigeren

27. mars 2017

Osherrane har berre seg sjølv å takke for at dei ikkje slo Sotra og tok tredjeplassen i 3. divisjon.

bilde-midtsiden

Os oldboys til nok ein finale

26. mars 2017

Her er spelande assistenttrenar Leif Erik Solbakken si fargerike skilding av Statoil Bergen Open - og av lagkameratane sine prestasjonar.

bilde-midtsiden

– Vinn som eit lag

26. mars 2017

Osdamene med fire av fire moglege poeng på austlandet etter solide 30-24 over Fram.

bilde-midtsiden

Osing vald etter kampvotering

26. mars 2017

Ketil Tømmernes frå Søfteland T&IL er vald til ny friidrettspresident etter kampvotering mot tidlegare president Tore Hordnes.