Lokal | 17. nov. 2016

Os på 7. plass i Noreg

Os kommune på 7. plass blant dei meste effektive kommunane i Noreg på kommunalministeren sitt nye barometer. Ordføraren gler seg over resultatet.

Os på 7. plass i Noreg
Ordførar Terje Søviknes (Frp) leiar den 7. mest effektive kommunen i Noreg (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 17. nov. 2016 08:49

Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) lanserer i dag kommunedata.no, eit barometer utarbeidd av Senter for økonomisk forskning (SØF) på NTNU, som viser effektiviteten innan dei tre største sektorane (skule, barnehage og pleie og omsorg) i alle norske kommunar.

– Kommunane er grunnmuren i velferdssamfunnet vårt, og korleis dei nyttar ressursane er avgjerande for kvaliteten på tenestene innbyggjarane får.

– Å forbedre offentleg sektor handlar om å jobba smartere, ikkje løpe fortare. No gjer vi desse dataene både offentlege og lett tilgjengelege slik at kommunane kan samanlikna seg med relativt like kommunar. Her bør kommunane læra av kvarandre, seier Jan Tore Sanner i ei pressemelding.

Bærum best

Oversikta frå SØF over dei meste effektive kommunane viser at berre Bærum, Oslo, Drammen, Kristiansand, Mandal og Bergen ligg over Os på dei tre sentrale parametrane. Alle dei seks skårar 1,000.

Os får ein samla skår på 0,994 og er den kommunen som er nærast dei seks. Mønster-kommunane får 1. Om ei kommune får 0,500 tyder det at den er halvparten så effektiv som mønster-kommunane.

Skryt av samarbeid

Ordførar Terje Søviknes (Frp) er sjølvsagt nøgd med at Os skårar godt.

– Det er gledeleg at vi også på dette barometeret får dokumentert at vi er mellom dei mest effektive kommunane i landet. Mange har lang ned mykje arbeid for å få Os etablert i landstoppen.

– Eg vil spesielt trekka fram trepartssamarbeidet mellom politikk, administrasjon og tillitsvalde som ein av dei viktigste suksessfaktorane.

– Det at vi er kostnadseffektive i driften gjer at vi kan møta folkeveksten og investeringsbehovet på ein offensiv måte framover, seier Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.