Lokal | 22. mai 2015

Os på inkassotoppen

I første kvartal i år fekk 294 osingar til saman over 17,2 millionar kroner i forfalt inkassogjeld.

Os på inkassotoppen
Stig Inge Eikemo (innfelt). (Foto: Lindorff/bakgrunn: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. mai 2015 07:49

Mens rådmannen i Os kommune er uroa over den aukande gjelda til kommunen er nokre av innbyggarane dårlege betalarar.

– Os er ein av plassane kor vi ser høge inkassotal, og vi vil følgja nøye med utviklinga framover, seier kommunikasjonsdirektør Stig Inge Eikemo i Lindorf.

Få saker - uvanleg store beløp

1,6 prosent av innbyggarane i Os fekk inkassogjeld første kvartal i år.

– Dette er færre enn både Bergen (1,7 %), Fjell (2,5 %) og Askøy (2,0 %). Det som er spesielt med Os er at beløpa er så store.

Kvar av dei 294 osingane har i snitt 58.628 kroner i inkassogjeld.

– Deler vi det opp på heile innbyggartalet i Os blir det 923 kroner på kvar. Landssnittet er på 598 kroner.

Aukar over heile landet

Det er inkassoselskapet Lindorff som har utarbeidd den landsdekkande oversikta, kor Os utmerker seg negativt.

Totalt i Hordaland var det 8.412 personar som opplevde at éin eller fleire rekningar gjekk til inkasso første kvartal i år og den samla nye inkassogjelda i fylket i same periode var 237 millionar.

Inklusiv tidlegare uoppgjorte rekningar hadde innbyggarane i Hordaland ved utgangen av første kvartal meir enn 2,7 milliardar kroner i inkassogjeld.

I løpet av det siste året er blitt fleire personer med inkassogjeld. Gjelda har auka i samtlege fylker bortsett frå Finnmark. Veksten er størst på Austlandet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.