Kultur | 14. jan. 2011

Os Rock City feirar 30 år

I fjor fylte klubben 30 år, i februar er det feiring. SJEKK KVEN SOM SKAL SPELA!

Os Rock City feirar 30 år
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 14. jan. 2011 06:36

- Rockarar har lov til å ligga frampå, rockarar har rett og slett lov til å ha eit avslappa forhold til tid, seier styreleiar i Os Rockeklubb, Kjetil Grønvigh om den noko forseinka feiringa av den runde dagen.

Laurdag 5. februar skal Os Rockeklubb, Os Rock City, feira sine drygt 30 år.

- Vi hadde ambisjonar om å få til ein fest i fjor, men då avstanden mellom sommar og jul blei for knapp så konsentrerte vi oss om julerocken og sparte kreftene til over nyåret.

Desse skal spela i det som kanskje blir den siste store konsertkvelden i Fjellheim, det gamle kulturhuset som i juni i år blir erstatta av Oseana:

• Audrey Horne
• K-Jell
• Bone Shakers
• Warfart
• KingCalling
• Neoplasma
• ORBO & The Longshots med Gina Aspenes

- Då det nærma seg var det så veldig kor brikkene ramla på plass, seier Kjetil om den fine lineupen.

Torkjell Rød, som stilte med Os Rock City-tskjorte på det store korslaget på TV2, tar med seg resten av Audrey Horne tilbake til Os etter suksessen på Søfteland Rock N LoL i sommar.

Også Immortal har stått på ønskjelista, men dei blir sett på som for store for Fjellheim, 30-årsdag eller ikkje. Furia var nær på å samla seg igjen, men jentene fekk det ikkje til å passa.

Presang på forskot
ORBO bekrefta torsdag at dei kjem. ORBO & The Longshots er ikkje direkte knytt til rockeklubben.

- Men dei er gode rockarar og nokon som kanskje kan lokka folk som elles ikkje ville ha kome til å bli med på festen, trur Grønvigh.

- Og ORBO og longshottane stiller gratis, som ein bursdagspresang til rockeklubben, set vi stor pris på!

Notid og framtid, lite nostalgi
Programmet for kvelden er enkelt; dørene opnar klokka 19 og festen og det tette konsertprogrammet er i gong.

- For 10 år sidan, eller skal vi seia 11, blei 20-årsdagen feira. Då henta dei fram ein god porsjon med historikk og folk som var med på å starta klubben.

- Gamle rockarar er like velkomne som nye, men denne festen blir med artistar og fokus på notid og framtid. Det fortener alle dei lovande unge rockarane som i dag er med på å løfta Os Rock City opp og fram, seier Kjetil Grønvigh.

Rock awards
I løpet av kvelden blir det prisutdeling.

- Vi har ikkje sett tittel på alle prisane enno, men kandidatane er der og eg kan seia så mykje som at minst fem prisar skal delast ut.

Billettsalet startar på Musikkverket rett over helga. Laurdag 22. januar treff du dessutan rockeklubben på stand på AMFI Os, med sal av både billettar, tskjorter og støttemedlemsskap.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.