Lokal | 18. mars 2017

Os Røde Kors med innsats for Afrika

– Det er ei alvorleg krise i Sudan og Somalia. Vi har gjeve 25.000 kroner og sett ut bøsser så også DU kan hjelpa, seier Nina Solvår Sælen frå Os Røde Kors.

Os Røde Kors med innsats for Afrika
Tørke, konflikta og høgare prisar på vatn gjer forholda svært vanskelege i Sør-Sudan og Somalia. (Foto: Røde Kors)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 18. mars 2017 07:42

«Verden står overfor den største humanitære krisen siden 1945.»

– Dette sa FN sin nødhjelps-sjef for eit par dagar sidan. Norges Røde Kors sin president, Sven Mollekleiv, har kome heim frå Sudan, og han stadfestar alvoret i situasjonen, fortel Nina Solvår Sælen, leiar i Os Røde Kors.

20 millionar menneske risikerer å svolta ihjel.

I Sør-Sudan er 363.000 barn underernært, og 50.000 barn er i ferd med å dø av svolt.

– Pågåande konfliktar gjer det vanskeleg å førebygga tørke, i tillegg har prisen på vatn auka. I nokre område i Somalia er prisen på vatn blitt tredobla.

– Den pågåande konflikten i Jemen gjer at det har blitt vanskelegare med import frå andre land.

Røde Kors og Røde halvmåne er på plass i dei kriseramma landa, men treng hjelp til å hjelpa.

– Vi i Os Røde Kors har gitt 25.000 kroner. Vi har sett ut bøsser i butikkar og på bensinstasjonar på Os, og håper osingane vil vera med å hjelpa, seier Sælen.

Du kan òg bidra på andre måtar:
SMS med kodeord SULT (250 kr) til 2272
VIPPS til 2272 (valgfri sum) Kontonummer:
8200 06 10190, merk SULT

– Takk til alle som støttar Røde Kors sitt arbeid! Du gjer ein forskjell for dei som treng det mest.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.