Sport | 21. okt. 2017

Os rykker ned etter 0-1-tap for Brattvåg

Skåring i 81. minutt på Kuventræ, og på overtid av Stord i Haugesund, sender Os ned i 4. divisjon.

Os rykker ned etter 0-1-tap for Brattvåg
Alt blei avgjort i sluttminutta. Os er knust etter eit tap dei trudde dei kunne leva med. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 21. okt. 2017 14:14

Os - Brattvåg 0-1 (0-0)

Dagens serieavslutning enda med tap og nedrykk til Os.

Brattvåg, som dominerte stort i store delar av første omgang, skåra i 81. min i ein langt jamnare 2. omgang.

Så blei vi vitne til to lag som ikkje ville ta nokon risiko.

Brattvåg var ikkje borti ballen og Os trilla mellom forsvar og keeper. I Haugesund gjekk Stord og opp 1-4 i 88. minutt (kampen i Haugesund gjekk nokre minutt før Os), og var likt med Os i mengde skåra mål, men ikkje i målforskjell.

Så, på overtid i Haugesund, skåra Stord igjen, var likt med Os i poeng og målforskjell, og framfor Os i mengde skåra mål.

Os gira opp på overtid, men då var det for seint. Brattvåg sikra opprykket, framfor nasa på Lysekloster som slo Brann 2 1-2 borte, mens Os må, for første gong i historia, spela på nivå fem i 2018.

KOMMENTARAR OG BILDESERIE: Les meir om kampen og nedrykket

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.