Lokal | 17. sep. 2015

Os Senterparti takkar!

Lesarinnlegg: Vi vil takka veljarane for den fine framgangen vi fekk, både i Os og på fylkesnivå.

Os Senterparti takkar!
(ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. sep. 2015 13:01

Ja, no er kommune- og fylkestingsvalet over. Vi i Os Senterparti vil takka veljarane våre så mykje for den flotte framgangen me fekk! + 1 representant og 2 representantar totalt og det er me svært glade for!

I Fylkestingsvalet kom me ut med totalt 4 representantar som og er 1 representant i pluss og er no i posisjon der saman med KrF, Ap og evt. eit parti til.

Når det gjeld kommunevalet, så er det Siren Tømmerbakke (frå Bø) og Harald Lekven (frå Thuen) som vert dei faste medlemmane.

Det vart ei spanande valnatt og ingenting var avgjort før Nore Neset krins var talt opp tilslutt og der gjekk det svært bra for Sp og kom i mål med ca 15 røyster i overvekt på siste mandatet!

No er me i gang med sonderingar om dei ulike nemndene og me har god tru på at me får utteljing i høve vår storleik - men me vert nok i opposisjon.

Så igjen, tusen takk til veljarane som støtta oss!!

Tusen takk og til dåke politikarane som «stod på» både på stands, facebook og i pressa.

Helsing Os Senterparti ved Eivind Moberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.