F.v.: Thomas Hille, Enrique Crespo Søvik og Preben Skorpen er alle klare for Os før 2017-sesongen. (Foto: Fana il/Os Fotball)

Os signerte tre nye før jul

Keeper, spiss og forsvar: – Etter eit år med skule på kveldstid er eg veldig klar for å trappa opp igjen, seier Preben Skorpen.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Klar for Os: Keeper Thomas Hille (19), spiss Enrique «Kike» Crespo Søvik (22) og forsvarsspelar Preben Skorpen (21).

– Det er viktig å ikkje stressa, sa Hassan El Fakiri då Midtsiden for ei veke sidan spurde om status på spelarjakta, som til då var utan ny-signeringar.

Tidlegare denne veka fekk Os Thomas Hille på plass. Den 19 år gamle keeperen er på lån frå Fana. Han har imponert Fana nok til at det blei signering med 2. divisjonsklubben, no kjem han inn i A-troppen saman med Andrew Todd, som reiser tilbake til USA til sommaren, og Kasper Sandven Færøvik.

• Les òg: Slik spelar Lysekloster og Os (terminlista for 2017 kom òg i dag)

– Vi har god dialog med Fana og set pris på at dei viser så stor samarbeidsvilje, seier dagleg leiar i Os Fotball, Endre Brenne.

Effektiv spiss frå Bjarg

I dag blei det signert kontrakt med Enrique Crespo Søvik, som no går frå Bjarg til Os.

I 2015-sesongen skåra han 17 mål på 23 kampar for 3. divisjonsklubben som nesten heldt seg i divisjonen då den blei til Regionsligaen før 2017-sesongen.

– Han har ro og han er god med ballen, samtidig som han dirigerer og prater. Viktigast av alt, han skårer mål, seier Hassan El Fakiri til osfotball.no, og nemner 37 skåringar på 62 kampar.

Frå Lysekloster, via Søfteland, til Os

Den talenfulle forsvarsspelaren Preben Skorpen var både venstreback og midtstoppar for Lysekloster.

I 2014 spelte han 22 kampar og skåra 6 mål, i opprykkssesongen 2015 spelte han 19 kampar og skåra 5 mål.

– I år har eg gått på skule på kveldstid ved sidan av full jobb på dagtid. Då har det vore fint å kunna trena og spela med Søfteland, seier elektrikaren til Midtsiden.

I år har han skåra 9 mål på 8 kampar. Søfteland, som var nyopprykka i 2016, landa på 3. plass i 5. divisjon.

– Over nyttår får eg permisjon frå jobb og fram til sommaren skal eg gå på skule på dagtid. Då passar det bra å trappa opp igjen. Os har vist interesse for meg sidan i sommar, og etter seks sesongar i Lysefjorden er det greit å skifta miljø, seier Skorpen, på veg inn i same klubb som veslebror Eric (spiss på Os 2).

El Fakiri har svært godt inntrykk av Skorpen.

– Han er ung og talentfull, og han er frå Os, det liker vi godt. Han er òg ein spelande og tydeleg type, ein eg trur kjem til å passa godt inn hos oss.