– Os sin Jan Thomas
Stor bildeserie: Mange antrekk, men litt lite folk då Os sentrum holdt moteshow i Oseana.
Bildeserie:
Fredag kveld inviterte Os sentrum til moteshow og boblar i Oseana. Med plass til nesten fem hundre såg det litt tynt ut med rundt 200 i salen, men det hindra ikkje Kvinneforeningen med Stine Kobbeltvedt og Anne Marie Aarøen Vangsnes frå å gje gass som programleiarar.
– Ta vel i mot Os sitt svar på Jan Thomas, introduserte Stine Kobbeltvedt då ho skulle få Steinar Prikken Bøe opp på scenen.
– Nei, det er Jan Thomas som er Oslo sitt svar på Prikken, repliserte Aarøen Vangsnes kjapt før Prikken saman med Tove Tvedt Skarstein trilla terningar på antrekka til fleire av kjendisane i bygda.
Breitt utval og friske mønstre
Klesbutikkane i sentrum viste at utvalet er breitt og for dei fleste med antrekk for både kvardag og fest. Nær seksti antrekk blei vist fram for damene i salen, for det var flest damer, men òg ein og anna mann som var blitt lurt med av sin betre halvdel.
Showet blei avslutta med ein slags basar i følgje dei to programleiarane. I allefall blei det delt ut varer og gåvekort på tilsaman rundt 30.000 kroner blant dei frammøtte.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.