Sport | 17. mai 2017

Os sitt mest populære fjell

Liafjellet og Lyshornet er dei to mest populære fjelltoppane i Os om ein skal dømma ut frå DNT SjekkUT-appen.

Os sitt mest populære fjell
Utsikten frå Liafjellet er populær (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 17. mai 2017 06:21

I slutten av april lanserte Beate Valvik i Os Turlag DNT sin nye tur-app, DNT SjekkUT, kor 12 av fjella i Os er lagt inn.

Etter berre omlag 20 dagar er Appen lasta ned heile 18 500 ganger, 3700 av dei i Hordaland.

– Så langt er me godt fornøgd med responsen. Me er svært fornøgd med innhaldet og alle turpostane medlemsforeningane har lagd ut. Me har eit langsiktig løp for å gjere DNT SjekkUT kjend for publikum, sier Endre Kleiveland, prosjektleder for DNT SjekkUT.

Liafjellet og Lyshornet mest populært

På landsbasis er det registrert 5900 besøk med appen, 1100 av dei i Hordaland.

– Statistikken syner at det er registrert 372 besøk i Os så langt. Dei mest populære toppane er Liafjellet og Lyshornet.

Desse toppane er foreløpig lagt inn i Os:

• Borgafjellet
• Liafjellet
• Linken
• Lyshornet
• Midtsæterfjellet
• Møsnuken
• Rindafjellet
• Rødsfjellet
• Sauskolten
• Svinningen
• Søtefjellet
• Tøsdalsfjellet

Kvar av toppane er lagt inn med kart og beskrivelse.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.