Lokal | 13. apr. 2015

Os, sjå til Nederland

Lesarinnlegg: Kan Os få eigen demenslandsby?

Os, sjå til Nederland
Laila Reiertsen. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 13. apr. 2015 07:30

Det har vore mange artiklar i ulike media om dementlandsbyen i Nedreland((De Hogeweyk). Den siste sto på trykk i magasindelen til BT sist laurdag.

Ein må erkjenna at utviklinga av mennesker med ein demensdiagnose er aukande. Over 70.000 nordmen lever med demens, der Alzheimers er den vanlegaste forma. Auka av eldre gjer at det og vert fleire med denne sjukdomen. Dette må ein ta med i all utvikling av utbygging og kommunale omsorgstenester i framtida.

Os er godt i gang med planlegging av fleire dementplassar på Luranetunet. Og eg trur nok det å tenkja nytt i omsorga, samt ta i bruk velferdsteknologi, er høgt oppe i planlegginga. Likevel bør ein våga å tenkja endå meir nytt, og endå meir ut i frå mennesket sjølv sine ønskjer og behov. Nett dette har ein gjort i demenslandsbyen i Nederland.

Det går ikkje mange år før ein vil trengja enda fleire plassar enn det denne utbygginga gjev i Os. Difor må vi allereie no få tankar og idear som kan videreførast til det beste for dei som treng denne omsorga i framtida.

Vi i Os skal våga, ikkje berre å tenkja, men også setja ideane ut i livet!

Kva er det så med denne landsbyen som gjer at folk frå mange land valfartar?

Her bur ein saman med andre med same diagnose, i felleskap i samme livsstilshus. Her er det butikk, restaurant og pub. Her er det ulike aktivitetar. Dei tilsette tilpassar seg pasientane, ikkje omvendt. Dei handlar, lager mat og vaskar i lag. Dei er som små familiar. Ein har rett og slett kopiert det store samfunnet utanfor inn i landsbyen.

Som ein bebuar seier «det er forskjell på himmel og helvete. Dette er himmelen.»

Og er det ikkje slik ein vil ha det i Os og?

Spørsmålet som avgjer om dette lar seg gjere er: Har vi entusiasme og tru på konseptet frå alle involverte? Og, ikkje minst, eit brennande ønskje om å ha ei best mogeleg demensomsorg i framtida?

Eg har trua og Os Frp vil arbeida for å gje eit slikt tilbod til osingane i framtida.

Laila Reiertsen
2. kandidat, Os Frp


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.