Lokal | 24. mars 2017

Os Sp kåra til årets lokallag

I dag startar Senterpartiet sitt landsmøte i Trondheim. Tidlegare i vinter blei lokallaget på Os kåra til årets lag i Hordaland.

Os Sp kåra til årets lokallag
Eivind Moberg tok imot utmerkinga på vegne av lokallaget. Fylkesleiar Jostein Ljones sto for utdelinga (privat foto)
Andris Hamrefredag 24. mars 2017 09:09

Det var under årsmøtet i Hordaland Sp i Ullensvang 10. og 11. februar den gjeve kåringa fann stad.

I grunngjevinga heiter det at Os Sp gjorde eit godt val i 2015 i "Frp-land", driv aktiv møteverksemd og har aukande medlemstal.

Leiar i Os Sp, Eivind Moberg, tok i mot utmerkinga som var eit diplom, ein pengepremie og blomar.

– Utmerkinga kom heilt uventa. Eg må få dela æra med resten av styret, som arbeider særs godt ilag, seier Moberg til Midtsiden.

Makt nær folket

Moberg fortel om eit godt årsmøte kor stortingsrepresentant Kjersti Toppe og fylkestingsrepresentant og tidlegare leiar i bondelaget Nils T. Bjørke vart vald til toppkandidatar til stortingsvalet.

– Fylkesleiar Jostein Ljones, Nils T. Bjørke, Kjersti Toppe og nestleiar i Senterpartiet Anne Beate Tvinnereim var mellom dei som heldt gode innlegg i debattane.

– Lensmann i Hardanger, Terje Kvalvik, orienterte om ny organisering av polititenesta i Hordaland generelt og Hardanger spesielt i samband med den nye "nær"-politireforma.

– Vi er i sterk framgang og vil halde fram med å arbeida for desentraliserte tenester og makt nær folk i hele landet, slår Moberg fast.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.