Hovudkontor og lager er på Os, men den nærmaste Sport Outlet-butikken er på Nesttun. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Os' største vaks med 56 prosent

Sport Outlet siktar seg inn på milliardomsetnad.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Frå 2016 til 2017 vaks Os største firma, fem år gamle Sport Outlet AS, frå 30 til 48 butikkar. I år har kjeda mål om å opna yttarlegare 15-20 butikkar.

Omsetnaden vaks frå 340 til 540 millionar kroner frå 2016 til 2017.

– I år vil vi passera 700 milionar kroner, seier gründer Tor-André Skeie.

Han starta Sport Outlet AS saman med broren Jan Frode Skeie og Sport Norge-medeigar Odd Arne Larsen i 2012.

• Les òg: Skeie sitt nye sportseventyr

I haust var dei tre blant åtte nominerte på Vestlandet til prisen EY sin gjeve pris; «Entrepreneur Of The Year».

– Veks lønsamt

Sport Outlet held fram den raske veksta. Med offensive planar for 2018 siktar dei seg inn mot millardomsetnad.

– Vi er veldig nøgde med utviklinga gjennom 2017. Vi veks fort, og vi veks lønsamt.

– Eg er spesielt nøgd med at vi oppnådde vekst i samanliknbare butikkar, «like for like», på 10 prosent, i ein svært konkurranseutsett bransje. Det viser at vi har gjort mykje rett.

Fleire store sportsselskap

Grunnleggarane bak Sport Norge har erfaring tilbake frå etablering av Os Sport (i dag Sport Norge) på Amfisenteret i 1992.

I tillegg til Sport Outlet har dei kjeda Sport Norge og import- og produksjonsselskapet Elements Production.

• Les òg: Går nasjonalt med ny investor

I fjor sommar blei eigarselskapet styrka med 100 millionar kroner i ny eigenkapital og Icon Capital kom inn som aksjonær. Frå før er investoren Edvin Austbø med på eigarsida. Men dei tre gründerane har framleis kontroll på over halvparten av aksjane.

– Det har vore ein god vinter over store delar av landet, og søsterfirmaet vårt, Sport Norge, nyter godt av dette. 

– For Sport Outlet sin del har vi ei lang liste over moglege stadar å etablera oss, og vi jaktar kontinuerleg på dei rette stadane og dei gode, lokale kremmerane som vil driva butikk saman med oss.Vi ser framleis eit tydeleg vekstpotensiale både i nærleiken av der vi allereie er etablert, og på heilt nye stadar, seier Skeie.