Os tilbake i Hordaland-avdelinga
Sjansane har auka for å halda Stian Lunde i spel ein sesong til.
I dag kom avdelingane til 2. og 3. divisjon 2016.
Lysekloster er nøgd med å møta alle bergenslaga i Oddsen-ligaen og Os er, etter eit år med fleire turar til Rogaland, tilbake i avdeling 7.
Os er truleg òg nøgd med å sleppa å reisa på lange bussturar til bortekampar i sør.
Håp om Lunde
Tidlegare kaptein gjennom nærmare ti år, Stian Lunde, prøvde å trappa ned førre sesong. Etter eit halvt år i 6. divisjon med Nore Neset kom han i sommar tilbake og var del av Os sin snuoperasjon i haustsesongen.
Siste halvår skåra han 8 mål for Os, var matchvinnar i fleire kampar, og blei toppskårar saman med Christer Olsen, som gjekk til Lysekloster i sommar.
Han har framleis ikkje bestemt seg for om han er med vidare i Os neste år, men om det hadde blitt nok ein sesong i avdeling med mange lag frå Rogaland ville sjansane vore små.
– Avdelinga er positiv med tanke på reising. Eg har ikkje bestemt meg med tanke på neste år, men no er det i det minste verdt å byrja å sjå på kabalen, seier Lunde.
– Positivt på fleire måtar
Midtsiden har ikkje lykkast i å nå spelande hovudtrenar Hassan El Fakiri for kommentar til pulja.
Leiar i sportsleg utval i Os Fotball, Jan Frode Skeie, seier Os fekk det som dei håpa på.
– Dette er positivt på fleire måtar. Sjølv om det er sportsleg god motstand i denne pulja òg, stiller vi til kamp med meir utkvilte spelarar.
– Økonomisk er det også gunstig, både fordi vi kan få meir bortepublikum på Kuventræ og fordi vi slepp dei store reiseutgiftene, seier Skeie.
Her er 3. divisjon avdeling 7 - 2016:
Arna-Bjørnar
Austevoll
Bjarg
Brann 2
Gneist
Lyngbø
Nest Sotra 2
Os
Sotra
Tertnes
Varegg
Vestsiden-Askøy
Øystese
Åsane 2
Midtsiden samleside: Os Fotball, herrar
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.