Sport | 26. mars 2018

Os vann fortent

1. kvalifisering til NM: Os slo Stord fortent 3-1. Skåra etter to og eit halvt minutt.

Os vann fortent
Mats Cato Moldskred (her på eigentrening tidlegare i vinter) tok Os opp i føringa med 2-1-skåringa (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamremandag 26. mars 2018 11:31

Os møtte Stord på bortebane i den utsette første kvalifiseringsrunden til NM søndag ettermiddag.

– Eg er godt nøgd med at vi vinn og tek oss vidare. Etter å ha analysert kampen no i førmiddag, så meiner eg at vi vinn fortent, seier Ostrenar Karl Kvile.

Stord - Os 1-3 (1-1)
Målskårarar Os: Øystein Takle Eide, Mats Cato Moldskred, Endre Brenne.
Desse starta for Os: Anders Fossen Lunde, Alexander Dale, Torkel Hjertnes, Divaldo Cardoso, Endre Ove Brenne, Marius Mikkelsen, Rafael Villen Villen, Øystein Takle Eide, Mats Cato Søvik Moldskred, Alexander Mjånes Tøssebro, Torgeir Lunde.

Ostrenaren fortel at dei fekk ein god start med mål allereie etter to og eit halvt minutt.

– Det første kvarteret er vi overlegne i banespelet og kjem til fleire gode innlegg kor eitt av dei resulterer i mål.

– Utover i omgangen blir det jamnare. Det er ikkje ein veldig velspelt kamp og blir litt rotete. Stord slår mykje langt, så det blir mange duellar og kamp om andreballar.

– Dei har ei stor sjanse på eit frispark, kor ei heading blir mesterleg redda av Anders Fossen Lunde i mål.

– Utligninga kjem på ein overgang kor vi mistar ballen på midtbanen. Det er dei to einaste sjansene Stord har i omgangen. Sjølv så produserar vi bra med sjansar og eg talde at vi hadde seks i førsteomgangen, seier Kvile.

God enkeltmannsprestasjon frå Moldskred

Andreomgangen blir som siste del av den første ei jamn affære.

– Vi held fram med å produsere sjansar. Spesielt med Endre Brenne på høgresida. Stord har berre ei stor sjanse i omgangen, og igjen vartar Fossen Lunde opp med ei god redning kor han får slått ballen i stolpen og ut.

– Leiinga tek vi etter ein strålande enkeltmannsprestasjon frå Mats Cato Moldskred, før Brenne set inn 3-1-målet vårt.

– Basert på sjansane så vinn vi fortent. Det var ikkje ein velspelt kamp, vi har hatt betre prestasjonar tidlegare i vinter, men i cupen handlar det kun om å vinna og å ta seg vidare.

Skal sjå motstandaren

I andre kvalifiseringsrunde møter Os vinnaren av Austevoll og Sund, som Os også skal møte i serien denne sesongen.

– Dei speler i kveld, så eg har tenkt meg ut der for å sjå kampen. Eg har ikkje fått sett dei tidlegare i år, så eg veit ikkje kva vi møter førebels. Det vi veit er at vi får bortekamp også i andre runde. Den kampen skal spelast onsdag 4. april, avsluttar Ostrenaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.