Sport | 07. sep. 2014

Os vann igjen

Bortekampen enda 6-1. Også heime vann Os sitt andrelag over Lysekloster.

Os vann igjen
Isak Røen, som skaffa Os straffe i 1. omgang, prøvde å auka til 3-0 etter pause. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 07. sep. 2014 18:13

Bildeserie:

Lysekloster 2 pressa i 2. omgang, og hadde to frispark rundt 16-meteren rett etter pause. (Foto: KVB)
Lysekloster 2 pressa i 2. omgang, og hadde to frispark rundt 16-meteren rett etter pause. (Foto: KVB)
Men også Arne Veim Haugland fekk litt å strekka seg etter. (Foto: KVB)
Men også Arne Veim Haugland fekk litt å strekka seg etter. (Foto: KVB)
Thomas Helland kjempa med å koma seg forbi Torkel Hjertnes. (Foto: KVB)
Thomas Helland kjempa med å koma seg forbi Torkel Hjertnes. (Foto: KVB)
Dagens derby blei ein kamp med fleire tøffe duellar. (Foto: KVB)
Dagens derby blei ein kamp med fleire tøffe duellar. (Foto: KVB)
Kapser Færøvik (15) har roen i Os 2-buret. (Foto: KVB)
Kapser Færøvik (15) har roen i Os 2-buret. (Foto: KVB)
Det er ikkje berre frå stupebrettet at Veim Haugland (t.v.) tar sjansar. (Foto: KVB)
Det er ikkje berre frå stupebrettet at Veim Haugland (t.v.) tar sjansar. (Foto: KVB)
1 av 6

– Lysekloster har aldri slått Os i seniorfotball, men søndag trur eg kan bli første gong, sa tidlegare Os-trenar, Tore Nielsen før dagens derby.

Nielsen, som no trener Lysekloster 2, seier han ikkje lykkast i å få spelarane til å forstå kva som skjer med osingane når dei ser ei Lysekloster-drakt.

– Heimelaget hadde eit heilt anna tenningsnivå frå start og leia fortent til pause.

– Andre omgang var vår, føler eg, men vi klarte dessverre ikkje skapa store nok sjansar eller skåra på dei vi hadde.

Os 2 - Lysekloster 2 2-0 (2-0)
Målskårarar: Mats Lepsøe (straffe) og Håkon Kvittingen

Tim Henrik Sperrevik, som er med rundt juniorane so utgjer stamma i Os 2, er eining i at heimelaget leia fortent til pause.

– Samla sett var kampen jamn, men det var godt med siger etter ein del kampar med stang-ut.

Lysekloster 2 hadde 12 poeng meir enn Os før dagens kamp.

– Begge laga stilte med sterkt mannskap og det blei ein ganske god kamp med bra intensitet, meiner Sperrevik.

1-0 på straffe

Isak Røen var i angrep då det blei ein situasjon som førte til straffe til heimelaget.

Lepsøe sette ballen inn bak Arne Veim Haugland i Lysekloster-buret rundt 13 minutt ut i førsteomgangen.

Kvittingen auka til 2-0 midt i omgangen på eit fint skot etter eit angrep med fleire fine trekk.

Valle utvist

Os måtte spela siste del av kampen med ti mann etter at Adrian Valle fekk sitt andre gule kort i 81. minutt.

Fleire reagerte på avgjerda, til og med Lysekloster-trenaren ropte til dommaren.

– Det er faktisk første gong eg har ytra misnøye med utvising av ein motspelar, men Valle skulle aldri hatt sitt andre gule i den situasjonen, meiner han.

– God arena for dei rette

Begge andrelaga stilte med fleire frå A-laga sine i dag, som Torkel Hjertnes, Mats Lepsøe, John Ole Johannessen og Håkon Kvittingen for Os og Thomas Helland, Aleksander Andersen, Martin Eidsvik og Mattias Høiland for Lysekloster.

Men Os 2 består i stor grad av juniorspelarar, spelarar Nielsen kjenner til frå før.

– Eg ser at både Valle, Skår og Kopperud har tatt fleire steg. Og eg er imponert over han nye frå Nore Neset, Knut Spangelo Haga, seier den tidlegare Os-trenaren.

– Dei har godt av å spela seniorfotball, men det krev sitt. Er du ikkje på så gjer det vondt, i tillegg ser det ikkje spesielt bra ut, seier Sperrevik.

– Ein god del av talenta i klubben har forstått dette med gode haldningar og treningskultur, tilsvarande treningskultur som har skapt spelarar som Mats Cato Moldskred, Bjarte Haugsdal, Fredrik Heggland og Simen Lassen.

– Tre økter i veka pluss gymtimane på skulen er ikkje nok, uansett kva talent du har. Talent er bonus, knallhardt arbeid må til om du skal nå eit stykke som fotballspelar. Dette med treningskultur ser eg dei er godt i gang med å bygga hos 14-åringane i klubben, det er lettare å starta i den alderen enn når dei er 18 år, seier Tim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.