Lokal | 01. des. 2016

Osbadet sparte Øyglimt 65 000 kroner

Ein prat med Osbadet då dei skulle vedlikehalde fotballbanen i Øyane sparte Øyglimt for 65 000 kroner.

Osbadet sparte Øyglimt 65 000 kroner
Øyglimt sparte 65000 då dei skulle vedlikehalde banen i Øyane (arkivfoto: KVB)
Andris Hamretorsdag 01. des. 2016 07:14

Det ar i samband med rullering av handlingsprogrammet i kommunedelplanen for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv i tenesteutvalet onsdag historia kom fram.

Idrettskonsulent Tom Leonsen hadde fortalt om dei endra prioriteringane i handlingsprogrammet og påpeika at bruk av Osbadet sin kompetanse i drift og vedlikehald av anlegga kunne vera ein veg å gå for idrettslaga.

– Kunstgrasbaner er det vi har mest av i kommunen. Der la vi jo arbeidsgruppa som jobba med dette tidlegare opp til ei kommunal støtte på 50 000 kroner til drift og vedlikehald til kvar 11-bane i kommunen. Ved ei samkøyring i drift og vedlikehald og å bruka den kompetansen som Osbadet har tilegna seg etter at dei tok over idrettsparken på Kuventræ, så skal dette vera eit 0-spel for idrettslaga.

– Ved hjelp av gode systemer for vedlikehald kan ein truleg auke levetida på kunstgraset frå 10 til 15 år. Det er hundretusener å spare for idrettslaga, meinte Leonsen som understreka at det allereie var eit godt samarbeid.

Kosta dei 5000 kroner

Eirik Andre Hesthamar (FrP), nestleiar i tenesteutvalet er også leiar i idrettslaget Øyglimt. Leonsen si innleiing fekk Hesthamar til å bytte hatt eit lite augeblink for å fortelje kva som skjedde då Øyglimt trengde å friska opp si bane ved skulen i Øyane.

– Vi var i ferd med å singnera ei avtale med ein ekstern leverandør på 70 000 kroner for å "få liv i" kunstgraset igjen. Vi hadde fått beskjed om at vi trengde 5 tonn granulat.

– Heldigvis tok vi ei runde med Osbadet og fekk dei ut på banen for å sjå på den. Svaret var at nei, her var det ikkje behov for nytt granulat. Fordi banen blir brukt som skuleplass og leikeområde, kor elevane har gått med støvlar og joggesko så var berre granulaten trakka ned i graset. Det vi måtte gjera var å djuprensa banen og få løfta granulaten igjen.

– I staden for å måtte betala 70 000 kroner til eit eksternt firma, fekk vi ei rekning frå Osbadet på 5000 for heile jobben. Det er kanskje små grep for kommunen, men betyr mykje for idrettslaga, konkluderte Hesthamar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.