Kultur | 03. des. 2016

Oseana er klare med vårprogrammet

Programslepp i dag: – Det er alltid krevande og hektisk for å få alle brikker på plass, men vi meiner vi har fått eit godt program, seier Berit Steen.

Oseana er klare med vårprogrammet
Andris Hamrelørdag 03. des. 2016 07:55

I dag laurdag, lanserer Oseana programmet for våren under ei tilstelning i foajeen.

– Vi slepp programmet klokka 14. Då opner vi samstundes billettsalet på Ticketmaster. For dei som kjem på programlanseringa så blir det tradisjonen tru servering av graut, gløgg og pepperkaker. I tillegg delar vi ut lodd, kor premien er billettar til nokre av vårens framsyningar, fortel arrangementssjef Berit Steen.

Veit kva dei vil ha

Steen, som møter pressen saman med direktør Ole Tobias Lindeberg og marknadsansvarleg Janne Marie Hjelle, fortel at det, som alltid, har vore hektisk å få programmet på plass.

– Det er krevande. Vi veit kva vi er ute etter og har ein plan og strategi på å ha ein bredde i programmet, men så er det jo slik at det skal passa med artistane sine planer. Det er av og til vanskeleg å få dei vi ønskjer oss når vi har lyst på dei. Kanskje er dei i studio eller driv med andre prosjekt, men vi har etterhvert opparbeidd oss god kontakt og oversikt, så om vi ikkje får dei no, så gjer vi det gjerne ved ein seinare anledning, forklarar Steen.

– Det handlar om tillit og forhåpentlegvis snakkar artistane om at vi er eit bra hus og ein fin stad å halde konsert. Vi har flinke folk som jobbar med dette, supplerar Lindeberg.

Pangstart med Sondre

Programmet startar friskt med Sondre Lerche, som startar noregsturneen sin på Oseana 21. januar.

– Vi freister alltid å få ein "storfisk" i løpet av sesongen. Denne våren har vi vore så heldige å få napp hos Sondre. Det gler vi oss veldig til. Då blir det flatt gulv som på Aurora og Sivert Høyem.

– Det er faktisk det arrangementet eg gler med mest til, supplerar Janne Mari Hjelle.

Mykje lokalt

Vårens program er prega av eit aktivt lokalt kulturliv.

– Det er mange lokale aktørar som kjem denne våren. Vi har lokale kor, kulturskulen, Os ungdomsskule som set opp Grease, Hans Marius Johnsen som slepp plata si her, Os barne- og ungdomsteater, Studio 39 med ny musikk frå gullkysten for å nevna noko. Det er utruleg kjekt å få vera vertsskap for alle desse lokale, seier dei tre.

600 unge korsongarar

I det tettspekka programmet som både tel Latter Live, Anne Cath og Halvdan Sivertsen finn ein òg 600 unge korsongarar.

– Nordbusang er ein etablert ungdomsfestival for kor som blir arrangert på ulike plassar. Dei dagane festivalen varar blir huset fylt med omlag 600 songglade ungdommar. Æra for at vi får den hit skal dirigent for Os Mannskor, Marius Dale Romslo ha. Han har hatt ein aktiv finger med i spelet, fortel Steen.

Lesestafett og kulturskuleutstilling

Det er ikkje berre i Oseanasalen det er eit spennande program denne våren, også i Griegsamlinga blir det full fart.

– I samband med at vi skal ha riksteateret si framsyning En mann ved navn Ove arrangerar vi lesestafett i forkant. Då skal vi lese boka av same namn. Det startar klokka 10 den 4. februar, så les vi til vi er ferdige. Lydboka tek 10 og ein halv time, så det vil nok ta litt tid. Her er det berre for osingane å melde seg til å lese eit kapittel eller to, seier Janne Mari Hjelle.

Tilbake i Griegsamlinga er også Bergen kulturskule med si vårutstilling.

– I år samarbeider dei i tillegg med fleire andre kulturskuler i fylket, så dette blir ei skikkeleg Hordalandsutstilling. Personleg tykkjer eg dette er ekstra gøy i og med at vi ikkje har eiga tilbod om visuell kunst i kuturskulen her på Os. Det er to år sidan vi hadde dei på vitjing sist, så det blir eit kjekt gjensyn, supplerar Lindeberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.