Kultur | 15. nov. 2014

Oseana slepp dei 7 første

Anne Grete Preus er blant artistane som kjem til Os neste år. Her er 6 andre.

Oseana slepp dei 7 første
Anne Grete Preus, som fekk heidersprisen under årets spellemannsprisutdeling, kjem til Os 19. mars. (Foto: Jørn Veberg, NRK)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 15. nov. 2014 08:10

I dag slepp Oseana dei 7 første artistane på vårens program i kulturhuset på Mobergsneset.

– Vi har endå fleire ferdig booka, også av tilsvarande kaliber som dei vi slepp i dag. Men dette er dei einaste vi har sett opp med eigen førjulspris, fortel Janne Mari Hjelle.

Frå klokka 9 laurdag skal billettane vera i sal.

– Vi startar med å sleppa sju artistar og innslag a som saman skaper variasjon og håper her skal vera noko for alle, frå teater og astroshow til humor og musikk.

Ein av få av Aurora

– Alle desse speler i Oseana for første gong, sett bort frå Aurora sitt gjesteinnslag under UKM i februar.

Stjerneskotet Aurora Aksnes frå Os, som for under eit år sidan starta karriera si ved å lasta opp ei låt på NRK Urørt, speler i heimbygda laurdag 14. februar.

– Aurora, som også er lansert på Bergensfest, skal stort sett opptre i utlandet neste år. Dette blir ein av få innandørskonsertar i Noreg i 2015 og vi er veldige glade for å få ho på programmet.

Babs, Staut pg Preus

Tre meir etablerte travarar er også klare for Os, Lill-Babs, Anne Grete Preus og gruppa Staut.

Lill-Babs, Barbro Margareta Svensson, fyller 78 år neste år. Ho har stått på scenen i over 60 år og gav ut sitt siste album i 2005. Ho speler i Oseana laurdag 7. februar.

Staut er fem yngre karar som fekk debutalbumet sitt rett inn på VG-lista i 2010. Bandet, som er frå Valdres i Oppland, består av Gaute Lein Ausrød (vokal, gitar, mandolin), Ørnulf Juvkam Dyve (tangentar, kor), Asle Tronrud (feler, kor), Dag Arve Sandnes (gitarar, mandolin) og Torgeir Bolstad (kontrabass, kor). Dei speler i Os torsdag 19. februar.

Anne Grete Preus frå Haugesund og Lillestrøm gav ut sitt førre album, Nesten Alene, i 2009. Preus har mottatt ein serie med prisar, seinast heidersprisen under førre spellemannsprisutdeling. Ho speler i Oseana torsdag 19. mars.

Ødegård og Barco lager show

Det er ikkje berre musikk på programmet for våren. I slutten av januar kjem teaterstykket Alf, om Alf Prøysen, til Os.

Tre dagar seinare, tysdag 27. januar, kjem den kjente, kunnskapsrike og energiske Knut Jørgen Røed Ødegaard og kona Anne Mette Sannes til Os for å halda astroshow.

Show blir det også når Eirik del Barco Soleglad kjem til Os. Bård Ylisåker har regien på showet Barco, som går i Oseana laurdag 21. mars.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.