Ordførar, tilsette og styreleiar var i dag samla i fleire timar på Oselvarverkstaden i håp om å få gladmeldinga i arbeidstida. I staden kom den i kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Oselvarverkstaden listeført hos UNESCO

Rumba frå Cuba, yoga frå India og ... båtbyggarkunst frå Os: I Addis Abeba bestemte UNESCO seg i dag for å listeføra Oselvarverkstaden.

image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Båtbyggarkunsten bak oselvaren er verdsarv!

I mai i år blei Oselvarverkstaden og oselvarkulturen nominert til UNESCO (FNs organisasjon for utdanning, vitenskap, kultur og kommunikasjon) si liste «Best Safeguarding Practices» – beste vernepraksisar – etter konvensjonen om immatriell kulturarv.

«Each year, based on proposals made by the States Parties, the Committee selects and promotes programmes, projects and activities that best reflect the Convention’s principles and objectives based on the criteria set out in the Operational Directives.»

– Dette blir spennande. Vi har jobba med søknaden i fleire år og no har vi passert det trange nålauget det er å bli nominert av den norske staten, sa Åsmund Lien, som i sommar blei pensjonert.

• Sjå òg: Denne videoen var ein vesentleg del av søknaden til UNESCO

Han var, saman med båtbyggarar, ny dagleg leiar Berit Osmundsen, ordførar Terje Søviknes, styreleiar i verkstaden, Norvald Skåtøy, og oselvarboka-forfattar Kjell Magnus Økland, på plass i verkstaden då den gledeleg bodskapen kom.

Den første i Norden

Søndag sto presidenten i Etiopia, Mulatu Teshome, for opninga av den 11. samlinga i «the Intangiblee Cultural Heritage Committe».

I dag var dei nominerte på programmet hos UNESCO (FNs organisasjon for utdanning, vitenskap, kultur og kommunikasjon). Det er Noreg som stat som søkjer, og Noreg er representert i Addis Abeba i dag.

• Les òg: Nasjonalbåten, Oselvar

– Av dei sju nominerte er det tre som er innstilt positivt, to som er innstilt med spørsmålsteikn og to som er innstilt negativt frå administrasjonen. Avgjerda blir fatta av ein stor organisasjon med representantar frå 26 nasjonar, fortalte ordførar Terje Søviknes i løpet av den lange ventetida.

Sjå UNESCO si liste og skildring av dei 7 nominerte.

Etter lunsj blei det meir venting, først i kveld blei det klart at Oselvarverkstaden kjem på den eksklusive lista.

Klokka 20.45 blei søknaden godkjent!

Midtsiden har følgd sendinga direkte via nett: Evalueringskomiteen seier søknaden tilfredsstiller alle krava og godkjenner, til stor applaus i salen!

– Dette var svært gledeleg! No kan vi jobba inn mot fylkeskommunen for å gjera eit felles framstøt mot Staten om korleis vi best kan bruka denne statusen, seier dagleg leiar Berit Osmundsen.

– I eit langsiktig perspektiv kan dette også få positive følgjer for Os som turistdestinasjon. Vi kan få betra formidling og ekstra marknadsføring via regional og nasjonal marknadsføring, legg Søviknes til.

Oselvarverkstaden er ein av få i Europa, og første verksemd i Norden, på lista.

Berre 12 frå før

UNESCO har tre ulike lister, ei av dei er over immaterielle verdiar det hastar med å ta vare på.

På lista over «Beste vernepraksisar» står det i dag berre 12 andre tiltak. Desse finn vi i Sør- og Mellom-Amerika, Kina og tre europeiske land - Spania, Belgia og Ungarn.

Blant desse er:
• Yoga frå India
• Rumba frå Cuba
• Ølkulturen i Belgia
• Valencia Fellas festivity (Spania)
Her kan du sjå alle

Oselvarverkstaden blei, som kjent, tildelt Olavsrosa i mai i år.

• Les òg: – Ein svært sterk Olavsrosa-kandidat

Brukte ventida godt

Delegasjonen som i dag sat spent og venta på beskjed frå Etiopia trudde dei skulle få svar i 13-tida eller før, men i Afrika gjekk tida seinare enn venta.

Etter lunsj i Oseana blei det foredrag i Oselvarnaustet.

Oselvarbok-forfattar Kjell Magnus Økland fortalte om delar av innhaldet i boka, om båtbruk under krigen, historiar som var nye også for det kunnskapsrike publikumet.

• Les òg: Vellykka bokslepp med båtutstilling og No går oselvarboka i trykken

– Eg trur ikkje desse forteljingane har vore samla på eitt skjema før, sa Økland, og viste til samlinga av ei rekkje forsøk på å kryssa Nordsjøen på 40-talet, med årer eller segl.

Nokre var vellykka, andre ikkje. Ein gjeng på fire unge gutar som prøvde å koma seg trygt vekk frå Noreg rodde nesten til Shetland, fekk nordavind på seg og dreidde sørover før vestavind sette dei mot norskekysten igjen. Dei rodde ut frå Flesland, kom nesten i mål, men landa på Karmøy.

Ikkje 7. far i huset

Åsmund Lien, som gjekk av som dagleg leiar i juni i år, seier han ikkje har vore mykje i verkstaden etter at han blei pensjonist.

– Eg liker meg godt her, men eg trur ikkje det ville vore heldig om eg gjekk her som ein sjuande far i huset.

Han trivst godt som pensjonist, som «miljøarbeidar og vaktmeister» heime i Hegglandsdalen.

– Vi har eit barnebarn på 11 år, ein kjekk gut som vi har omsorg for, så eg har godt selskap og nok å bruka tida mi på, seier Åsmund, som òg er i gang med eit bokprosjekt Midtsiden vil koma tilbake til.

Langeland sin første dag

Blant dei som i dag sat spent og venta var den nytilsette kontormedarbeidaren ved Oselvarverkstaden, Vidar Langeland.

Den erfarne fotografen har dei seinaste åra jobba 50 prosent frilans, men etter sluttpakke i BA blei han 100 prosent på eigne bein.

– Eg har godt med oppdrag, og i periodar er det svært hektisk. Men eg ønskte likevel å ha noko fast. Eg kjenner miljøet i Oselvarverkstaden ein del frå før og er glad for no å vera ein del av denne kulturberaren.

Med studio i kjellaren på Os Eldresenter, og ein av sine faste kundar, Midtsiden, i 2. etasje i same bygg, har Langeland no fleire basar i Hamnevegen.