Lokal | 09. sep. 2016

Osfest-støtta var lovleg

Fylkesmannen meiner at formannskapet sitt vedtak om å støtta Osfest 2016 med 500 000 kroner er lovleg fatta.

Osfest-støtta var lovleg
Vamp var av dei som trakk flest publikummarar til Osfest. No slår fylkesmannen fast at kommunen si støtte til festivalen var lovleg (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 09. sep. 2016 11:03

Kommunestyrerepresentantane Nils-Anders Nøttseter (MDG), Bjørn Terje Bøe (MDG), Terje Sperrevik (TvS), Tone Hepsøe (Ap), Gisle Hesjedal (Ap) og Siren Tømmerbakke (Sp) krevde i mars at vedtaket om å støtta Osfest med 500 000 kroner blei sendt til fylkesmannen for lovlegkontroll.

Les bakgrunnen for kravet om lovlegkontroll her

Formannskapet sitt vedtak var lovleg

No har fylkesmannen handsama saka og kome fram til at Os formannskap si avgjerd i sak 9/2016 er lovleg.

I si vurdering slår fylkesmannen at kravet om lovlegkontroll er sett fram av nokon som har rett til å krevja det og at kravet er satt fram innan fristen i lova.

– Fylkesmannen legg vidare til grunn at vedtaket er gjort av rett organ. Vidare kan vi ikkje sjå at innhaldet i vedtaket er ulovleg. Vi legg her til grunn at formannskapet i utgangspunktet kan disponere over disposisjonsfondet slik dei ønskjer.

Kan bruka disposisjonsfondet som dei vil

Vidare i si vurdering skriv fylkesmannen at formannskapet, slik dei tolkar det, står relativt fritt til å disponera midlane i disposisjonsfondet.

– Det er ikkje opplyst at det er gitt nærmare føresegner eller retnings- liner som regulerer tildelinga av midlar frå fondet, eller at midlar vert lyste ut med oppmoding om å fremje søknad innan bestemte fristar. Det er såleis ingen som har rettsleg krav på å få stønad frå denne ordninga. Løyving av stønad frå fondet har meir preg av å vere gåver/tilskot frå kommunen, som formannskapet kan gje etter eit relativt fritt skjøn. På dette grunnlag legg vi derfor til grunn at avgjerda om det skal innvilgast stønad til eit føremål ikkje vil vere eit enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2 første ledd bokstav b, jf. bokstav a.

Var forsvarleg utgreidd

På spørsmålet om saka var forsvarleg utgreidd peiker fylkesmannen på at det er formannskapet som sjølv må vurdera om saka var forsvarleg utgreidd.

– Om organet ikkje finn at saka er tilstrekkeleg utgreidd til at det kan fattast ei forsvarleg avgjerd, kan det sende saka tilbake til administrasjonen for vidare utgreiing.

– Fylkesmannen konstaterer at det var rådmannen som la fram saka for formannskapet. Vidare konstaterer vi at formannskapet i møtet den 18.02.2016 fann grunn til å ta saka til behandling. Vi legg då til grunn at formannskapet meinte at saka var tilstrekkeleg utgreidd. Fylkesmannen legg vidare til grunn at lova ikkje er til hinder for at det var ordføraren som førebudde saka.

Fylkesmannen vurderar også det dit at ordførar Terje Søviknes var gild då saka blei handsama i formannskapet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.