Næringsliv | 12. mai 2017

«Osheim» lagt ut for sal

Delar av eigedomen er skilt ut. No ligg villaen frå 1895 og 1,4 mål tomt på Finn.no.

«Osheim» lagt ut for sal
Osheim, ein kald vårdag i slutten av april i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 12. mai 2017 08:20

Den har blitt kalla blant anna Osheim, Lensmannsboligen og Villa Sana, den 122 år gamle villaen i Finnebrekka.

I slutten av 2012 blei den selt frå Helse Bergen til Kirkens Sosialtjeneste, som driv Vindfanget oppfølgingssenter og Vindfanget Vedlikehold.

• Les òg: Herre i eige hus

Vindfanget har seinare skilt ut eigedomen der det tidlegare skulehuset står på, som dei bruker sjølv, og internatet, der dei nyleg har omregulert til bustadbygging. Også på nabotomta i nord er det planar om å bygga fleire bustadar.

Det som no er lagt ut for sal er sjølve villaen, med sjølveigd 1,4 mål stor tomt.

Prisantyding er 5,5 millionar kroner.

365 kvm og 9 soverom

Eigedomaen blir i annonsen skildra som «en ærverdig, praktfull villa. Parkmessig opparbeidet tomt».

Men det er lagt til at bygningen har behov for rehabilitering. Meklar viser til bildepresentasjon og tilstandsrapport.

Villaen er på 365 kvm bruksareal (326 kvm primærrom) og har 9 soverom.

På den 1,4 mål store tomta står blant anna eit verna tre.

Omregulert til bustad

Dersom kjøpar vil bruka villaen som bustad må vedkomande søka om dette, då den er registrert som institusjon for born og unge.

«Det må søkes bruksendring til enebolig dersom man ønsker å benytte boligen/bygningen til dette formålet» står det i annonsen.

Eigedomen (tomta) er nyleg omregulert til bustad, men sjølve huset treng den formelle endringa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.