Kultur | 18. des. 2017

Osing får sentral kulturrolle

Sigurd Sverdrup Sandmo blei fredag oppnemnd som nytt medlem i Norsk kulturråd.

Osing får sentral kulturrolle
Sigurd Sverdrup Sandmo, her saman med kulturminister Linda Hofstad Helleland på Buena, er utnemd til medlem i Norsk Kulturråd (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 18. des. 2017 12:31

I statsråd fredag blei fire nye medlemmer og tre varamedlemmer oppnemd til Norsk kulturråd for perioden 2018 til 2021. Blant dei Sigurd Sverdrup Sandmo frå Os. Sandmo jobbar i dag som direktør for KODE sine komponistheimar Trodhaugen, Lysøen og Siljustøl.

– Dei oppnemnde medlemmane har høg fagleg kompetanse og representerer heile landet. Eg er trygg på at det nye samla rådet gir fleire tydelegere stemmer, maktspreiing og at dei utvikler heile breidden av fagområda som rådet forvaltar, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

– Veldig artig

Norsk kulturråd har ti medlemar og eit antal varamedlemmar etter behov. Alle blir oppnemnd av Kongen etter tilråding frå departementet.

– Jo takk for det, det er veldig artig, svarar Sandmo når Midtsiden ringer for å gratulera med oppnevninga.

– Når fekk du veta det?

– Eg fekk vita at eg var foreslått måndag i førre veke, men eg var jo ikkje sikker før på fredag.

– Dette er jo eitt av dei verkeleg fine verva ein kan få i norsk kulturliv. Norsk kulturråd er ein viktig rådgjevar for regjeringa i kulturspørsmål, men også ein viktig premissleverandør for norsk kulturliv. I tillegg så forvaltar vi jo ein portefølje på nær éin milliard kroner i tilskuddsordningar og kulturmidler.

Får god innsikt

Sjølv om han har erfaring som både formidlingsleiar for Bymuseet i Bergen og direktør for Lepramuseet St. Jørgens Hospital og kontituert direktør for både KODE og Bymuseet i Bergen, så ser han fram til å få eit nytt innblikk i kulturlivet.

– Det å sitte i kulturrådet er veldig inspirerande. Det blir spennande å skal jobbe så breitt med kulturfeltet. Det å sjå på kulturlivet frå fugleperspektiv og få ein breiare innsikt i alt frå film og festivalar til scenekunst, litteratur og alle dei andre sjangerane innan kultur gler eg meg til.

– Kor mykje tid rekner du med å måtte bruka på vervet?

– At det er ein del jobb er ikkje å stikke under ein stol, men det er noko eg kjem til å gjera ved sidan av vanleg jobb. No har ungane flytta ut, så eg skal nok klare å rydde tid på ettermiddagane for å få lest sakspapirer og førebudd meg. Timinga var veldig god no, avsluttar Sandmo.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.