På denne øde øya i Filippinene skal Sandra Hauge (innfelt) og 17 andre single gå naken på dating denne hausten. (Foto: TV Norge/privat)

Osing på nakendate på TVNorge

«Adam søker Eva» er ei av TVNorge sine satsingar hausten 2015. Ein av deltakarane er Sandra frå Os.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Naken-dating på TV har vore heit trend i USA og Europa det siste året og i vinter spelte TVNorge inn ein nakendating-serie på seks episodar som skal visast til hausten.

– Eg har så dårleg samvit for at eg måtte lyga og seia eg var i Thailand på ferie. Eg måtte halda det hemmeleg på grunn av kontrakten, skriv Sandra Hauge frå Os på bloggen sin.

I går var ho og fleire av deltakarane omtalt i VG.

Sandra vil gje intervju med Midtsiden, men via TVNorge sin pressekontakt. I mellomtida viser ho til eigen blogg og låner oss eit bilde frå ein ferie for nokre år sidan (innfelt).

Naturleg motstykke til kroppspress

På bloggen fortel Sandra, som er småbarnsmor, om blanda tilbakemeldingar på det at ho skal delta.

«Er dette berre for å visa seg fram?» «Kva vil ungane tenkja når dei blir store nok til å få veta om dette?» er blant innvendingane.

Sandra svarer at ho synest nakenheit er tabubelagt og at det er for mykje kroppspress i Noreg i 2015.

«Jeg vil lære barna mine å godta seg selv som de er, jeg føler det er alt for mange som ikke tørr å være seg selv og ofte er tilgjort. Adam søker Eva er et veldig unikt konsept og viser frem gjennomsnittkroppen, det er ingen som har silikon (som jeg vet om). Her treffer vi hverandre på den mest naturlige måten, uten å kunne dømme hverandre utifra stil, hår voks /sminke osv.» skriv Sandra i dette blogginnlegget.

Ho takkar også for alle dei fine tilbakemeldingane og kommentarane ho får på innlegga sine.

Snur dating på hovudet

I Adam søker Eva skal skal 18 single menn og kvinner møtast, heilt nakne.

Etter to dagar blant palmer på den øde øya El Nido i Filippinene må dei bestemma seg for om dei vil møtast igjen, fullt påkledd.

– I Adam søker Eva vil vi snu opp-ned på ting. Dette er eit uhøgtideleg eksperiment som står i kontrast til sjekkemetodar som Tinder og annan nettdating, der ein gjerne vil fremstå som eit glansbilde av seg sjølv, seier programsjef i TVNorge og Discovery Networks, Sverre Nordbø til tvnorge.no.

I nokre andre land som viser nakendating på TV har det vore sladd. TV Norge seier dei ikkje kjem til å sensurera TV-bilda av deltakarane.

 

 

 

 

Fleire saker

bilde-midtsiden

Lite stemte for Os

17. oktober 2017

Det stemte verken framover eller bakover då Os møtte Fyllingen.

bilde-midtsiden

Bil i fjellveggen

17. oktober 2017

Ein mann er køyrd til legevakt etter ulykke nær Nordvik.

bilde-midtsiden

Først Stord - så Os

17. oktober 2017

Komipris-vinnar Christine Hope er i ferd med å starta vestlandsturneen sin.