Sport | 26. mars 2017

Osing vald etter kampvotering

Ketil Tømmernes frå Søfteland T&IL er vald til ny friidrettspresident etter kampvotering mot tidlegare president Tore Hordnes.

Osing vald etter kampvotering
Ketil Tømmernes blei vald til ny friidrettspresident søndag (foto: Astrid Nordhaug, friidrettsforbundet)
Andris Hamresøndag 26. mars 2017 13:33

Det blei som venta ein jamn avstemning då Friidrettsforbundet søndag formiddag hadde val av nytt friidrettsstyre og president.

Ketil Tømmernes var foreslegen av valkomiteen som ny president dei kommande to åra, men Tore Hordnes, som har vore president siden 2015 blei foreslått som benkeforslag frå salen.

I voteringa fekk Tømmernes 57 røyster, medan Hordnes fekk 54.

Må snu økonomien

I følgje BA.no har økonomi og sviktande sponsorinntekter vore ein av grunnane til eit ønskje om skifte av president.

I si tale til friiidrettstinget i Bergen sa Tømmernes at han meinte det er eit uutnytta potensiale i forbundet.

– Det er masse å jobba med i norsk friidrett i forhold til å utnytta potensialet vårt. Og det kan vi gjera saman, og det meiner eg et eg er rett person til å leie, sa Tømmernes i følgje avisa.

Tømmernes har blant anna vore sportssjef i friidrettsforbundet tidlegare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.