Osingane treng politikk, ikkje propaganda
Debatt: Thorstein Skårnes er tydeleg på at han ikkje er Os FrP sin nye sjølvoppnemnte propagandaminister, men snarere materialforvaltar for Faktadepartementet.
Fakta er openbart viktig for Skårnes. Desto vanskelegare er det å forstå kvifor heile hans engasjement i denne debatten ikkje er grunna i fakta men i følge han sjølv ei TOLKNING av brevet frå Os Venstre til innbyggjarane i Os. Fakta er visst ikkje så viktige likevel, når det kjem til stykket.
Den som ynskjer å lære noko om politikk gjennom innlegga til Skårnes, har lite å hente. Hans første utfall mot sitt tidlegare partilag var ikkje anna enn ei gjentaking av Terje Søviknes sitt Venstre-allergiske Facebook-innlegg. Skårnes henta fram mikrofon, høgtalar og den kraftigste forsterkaren han kunne finne for å lage til ei støysending som skulle få osingane til å gløyme spørsmålet som tydelegvis må vera livsfårleg for osingane å tenkje over; Er du som bur her i Os nøgd med den jobben Os Kommune gjer?
Det er ikkje lett å halde tråden når Thorstein Skårnes drar avgarde på sine snirklete tankerekkjer. Mannen som fint klarer å motseie seg sjølv fleire gonger om dagen, siterer ofte andre for å framstå som klok. Med den meinings-overproduksjonen han har, er det forståleg at han ikkje rekk å tenkje ut eigne argument i tid og utide.
I sitt tåkete svar til meg 23.11 hadde Skårnes googlet seg fram til eit sitat om verdien av å gi ros (til dei tilsette i kommunen), som om det var dette som var debattens kjerne. Dette har ingenting med fakta og den verkelege verden å gjera. Venstre sitt innlegg handlar like mykje om jobben dei tilsette i Os kommune gjer, som kakene Thorstein skriv om på bloggen sin.
Men Thorstein Skårnes driv ikkje med propaganda, men fakta. Eg er ikkje er så god som han til å google fram sitater frå kloke autoritetar, så eg tok det første og beste eg fann om tydingen av ordet propaganda: Propaganda betegner i moderne språkforståelse en ensidig fremstilling av informasjon for at mennesker skal ta stilling til en sak på en bestemt måte; ikke egentlig forskjellig fra reklame i sin metode, men som regel knyttet til politiske og/eller religiøse spørsmål.
Hm.
Ikkje veit eg, eg er berre ein mann som gjer så godt eg kan i politikken. Men dette veit eg; skal vi utvikle Os treng vi politikk som lyttar meir, tek folks kvardagsproblem på alvor, opnar for kritikk og som som stiller spørsmål. For meg handlar dette om å vera modig. Det er først når vi vågar å vera modige politikare at vi verkeleg kan utvikle Os.
Om det einaste den politiske eliten i Os (FrP) kommuniserer til osingane er ein einsidig framstilling av kor godt kommunen gjer det på uviktige kommunemeisterskap, så kjem vi ingen veg.
Dessutan er dette i følge Wikipedia.... propaganda.
Glenn Erik Haugland
Os Venstre
Les òg:
Er du fornøyd
Hardt arbeid - ikke en popularitetskonkurranse
Støyen frå FrP
Det er ikke støy å påpeke fakta
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.