Sport | 19. apr. 2017

Osingar dømte skandalekamp

– Det var ei rar og unik oppleving, seier Fredrik Andresen om kampen som førte til at trenaren til det eine laget no er utestengt.

Osingar dømte skandalekamp
Fredrik Andresen og Jørgen Wold dømte òg G15-finalen i PW Cup. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 19. apr. 2017 09:56

Os-spelarane Jørgen Wold og Fredrik Andresen har denne sesongen tatt opp igjen dommarkarriera, og klatra frå å dømma aldersbestemt til å dømma 2. divisjon kvinner.

Under Peter Wessel Cup i februar, som fungerer som eit uoffisielt NM, fekk dommar-duoen frå Os ei oppleving dei ikkje hadde førebudd seg på.

G16-laga frå Drøbak/Frogn og Stag, som uansett var vidare i turneringa, spelte mot kvarandre i ein kamp der taparen fekk spela cirka tre timar seinare på dagen søndag. I kampen skal det ha vore tydeleg at Drøbak/Frogn med vilje prøvde å tapa kampen.

Drøbak/Frogn hadde i forkant spelt jamt mot to gode lag, og kom seinare til semifinalen, men låg til pause under 2-8 mot eit lag som frå før hadde tapt 7-21 og 5-20.

– Dei bomma med vilje, skaut med feil arm og tråkka på streken. Det blei ein parodi på ein handballkamp, står det i rapporten frå dommarane.

– Aldri vore med på liknande

Påtalenemnda bestemte seg for å melda lagleiar til Drøbak/Frogn, ikkje ukjente Frode Scheie, og bestilte ein rapport frå dommarane frå Os.

– Vi har fått beskjed om ikkje å uttala oss i detalj om kampen, men eg kan stadfesta at vi dømte, og at det var ei rar oppleving og ein spesiell atmosfære. Eg har aldri vore med på liknande, seier Andresen.

«Et av håndballens grunnprinsipper er at en innenfor regelverket skal gjøre sitt beste for å vinne kamper (...) Ved at en bevisst spiller dårlig eller på annen måte søker å unngå å vinne er en handling som ikke etterlever NHFs verdier» står det i dommen.

«Ikke minst vil det oppleves som et hån mot motstanderen.»

Motstandar fortener ikkje honnør

Etter pause, då motstandarane truleg forsto kva som var i ferd med å skje, og kvifor, skal også dei ha byrja å spela dårlegare.

Dette er synleg i ein video, som ligg på YouTube, frå andre omgang i kampen. Domskomiteen fann det ikkje naudsynt å reagera ovanfor Stag, men skriv at dei heller ikkje fortener honnør.

Kampen enda med 9-8-siger til Stag. Stag tapte første kamp i sluttspelet 19-2.

Her kan du sjå alle resultata frå PW-cup G16.

Lagleiar utestengt

Trenaren til Drøbak/Frogn nektar for at laget med vilje gjekk inn for å tapa. Han har forklart at dei beste spelarane blei kvilt til sluttspelet søndag, delvis grunna sjukdom og skade.

Domskomiteen festa ikkje lit til denne forklaringa, men la vekt på det dommarane skreiv i sin rapport, som i grove trekk tilsvarar det Stag sin trenar har rapportert.

Lagleiaren blei dømt og er utestengt i tre kampar. Klubben får dessutan ei bot på 2500 kroner.

Ankefristen er fredag 21. april.

Saka blei òg omtalt av TV2 i går.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.