Kultur | 25. aug. 2013

Osingar vann Redbull-løp!

– Magnus kjørte som ein gud og spelte gitar det eg var god for, seier Even etter Os Rock City sin første triumf i kassabil.

Osingar vann Redbull-løp!
F.v.: Dan Jarle Raustein, Magnus Bertil Milde og Even Hjertaas. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 25. aug. 2013 13:29

Søndag gjekk Redbull sitt olabilløp i Nygårdsparken av stabelen og Os Rockeklubb var representert ved Even Hjertaas, Dan Jarle Raustein og Magnus Bertil Milde.

Framfor 5000 publikummarar i Bergen stakk dei i dag av med førsteplassen.

– Og så eg som elskar formel 1. Kvar vi skal veit eg ikkje, men å vinna tur til formel 1-løp er heilt sinnsjukt, seier Even om premien.

Les òg: Klar for bilrace i Nygårdsparken

70 av 200 søkjarar fekk delta, men før start viste det seg at berre rett over 30 påmeldte hadde bygd god nok bil til å få delta.

Blant dei var Os Rockeklubb sin bil, som er sveist i hop i verkstaden på Os vidaregåande skule, der Milde jobbar som lærar.

Dommarane var med på notene

Osingane hadde planen klar; kjøra fort og laga mykje show. På hjul av ATV og kombicamp, med konfetti, røykboksar, el-gitar og forsterkar om bord, sette dei utfor Høyden.

– Det var fleire feite bilar, blant anna ein firkanta klosse som heitte brunost, som såg som om han skulle gå fort.

– Men Magnus kjørte som ein gud og eg spelte det eg var god for. Alt funka som vi hadde håpa på, eg fekk fyrt av røykboksar og konfetti og då vi kom i mål knuste eg gitaren, seier Even, frontfiguren i rockebandet Warfart.

Ein av dommarane skal tydeleg ha vist kva han syntest om gjengen frå Os.

– Eg såg det ikkje sjølv, men då vi kom i mål skal han ha reist seg opp og vist heavy metal-teikn med nevane i vêret.

Ikkje alle kom uskadd i mål, bt.no har bilde av bilen som kom bak osingane, der ein hamna på sjukehus etter utforkjøring.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.