Østervold matchvinnar igjen
Lysekloster fekk det tøft mot Aalesund 2, før utvisinga, men nok ein gong sørgja Kristoffer Østervold for full pott.
Bildeserie:
Lysekloster - Aalesund 2 1-0 (1-0)
Målskårar, Lysekloster: Kristoffer Østervold.
Tropp og kampfakta på fotball.no
Eit ballsikkert botnlag gjesta Lysekloster tysdag kveld, men sleit med å få avslutta på eit sterkt Lysekloster-forsvar. Toppskårar Kristoffer Østervold si skåring i 24. minutt var likevel nok til at Lysekloster heng med i toppen, framleis berre to poeng bak Brattvåg.
Østervold si skåring kom etter eit fantastisk forarbeid og skot av Mirza Mujcic, der austevollingen nok ein gong var på rett plass til rett tid og sette returen. Også denne gong blei det avgjerande, som då han skåra 2 av 2 mål i 2-1-siger over Fyllingsdalen, 2 av 4 i 4-2-siger over Herd og 3 av 4 i 4-3-siger over Spjelkavik.
– Det er imponerande kor mykje Østervold har skåra denne sesongen. Han kjem frå 4. divisjon og går rett på toppen, og det er ingen statistikk-mål i storsigrar, det er for det meste avgjerande mål han skårar, seier trenar Ruben Hetlevik.
Lysekloster-spissen er no oppe i 16 mål, berre Torbjørn Aabrekk (Varegg) og Torbjørn Grytten (Brattvåg) har skåra meir i avdelinga, med 18 kvar.
Fleire frå Eliteserien
Aalesund 2 stilte med blant andre Edwin Anane-Gyasi, Jørgen Hatlehol, Sondre Brunstad Fet, Valmir Berisha og Anders Waagan frå A-laget.
– Vi hadde med oss ein del frå A-laget, men stort sett ungdomar, sett vekk frå to førsteårs-seniorar, seier trenar Remi Natvik.
– Eg er nøgd med at vi har det meste av spelet, men det var tungt å spela dei siste 35 minutta med ti mann.
Benjamin Parr fekk to gule kort på under to minutt (54. og 55. minutt), på to like situasjonar. Lysekloster er på veg opp på eigen høgrekant, men blir takla på sidelinja, ikkje langt over midtbanen.
Solid defensivt
Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik er ikkje berre nøgd med Østervold si skåring, dei tre midtstopparane gjorde at det knapt var noko for keeper Kjetil Hansen å strekka seg etter.
– I etablert forsvar har vi berre sleppt inn eitt mål i år, eit langskot frå 35 meter mot Brann 2. Vi er ikkje redde for at Aalesund har ballen mykje, dei tre midtstopparane er solide, og når vi får kontringar så får vi mykje rom å gå i.
– Men andre omgang blei litt rar etter utvisinga, og etterkvart som vi nærma oss kampslutt. Nokre spelarar ville jakta fleire skåringar, andre ville halda i ballen og venta på betre sjansar - og enkelte var litt for rastlause. Det blei heldigvis ikkje så farleg å mista ballen, men du veit aldri når motstandaren stiller såpass sterkt.
Lysekloster trivst betre enn før å ligga litt lågt.
– Det er motsett av korleis vi spelte i vår, der vi var veldig opptatt av å styra heile butikken. Kampen i dag var ei god gjennomkøyring på det å takla press, vi får nok fleire kampar i haust der vi risikerer å måtta ligga og forsvara tre poeng, trur Hetlevik.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.