Sport | 01. feb. 2017

Østervold og Herrem til Lysekloster

Lysekloster held fram med å styrka stallen. Har henta spissane Kristoffer Østervold frå Austevoll og Ole Thomas Herrem frå Nest Sotra.

Østervold og Herrem til Lysekloster
Kristoffer Østervold og Ole Thomas Herrem kjem inn i Lyseklosterstallen (foto: Dagfinn Breivik, Lysekloster IL)
Andris Hamreonsdag 01. feb. 2017 09:05

Lysekloster spelar laurdag den første av ni treningskampar før sesongstart. Kampen laurdag går mot OBOS-ligalaget Åsane i Vestlandshallen.

Før den travle oppkøyringa med treningskampar og treningsleir i spanske Albir held klubben fram med å styrka stallen.

Toppskårar frå Austevoll

Tysdag kveld signerte klubben med Kristoffer Østervold, som i 2014 skåra heile 28 mål for moderklubben Austevoll. I 2015 var han innom konkurrenten Os Fotball og spelte 11 kampar før han gjekk tilbake til Austevoll, som han i 2016 sesongen står registrert med 25 kampar og 14 mål.

– Kristoffer er ein hurtig angrepsspelar, har eit godt steg, flytter seg på ein smart måte på banen og er ein god avsluttar, skriv klubben på si eiga heimeside.

– Tidlegare spelte eg hengande spiss bak Trond Heggestad. Han lærte meg veldig mykje. Då han la opp fann eg ut at eg var klar til å ta på meg ansvaret på topp. Når du får trua på deg sjølv, er det òg lettare å skåra mål, uttaler Østervold til kubben.

Om sitt bidrag til klubben seier Østervold at han er ein humørspredar i garderoben, positiv og ein gladgutt som håper å kunna bidra med mange nettkjenningar.

På lån ut juli

Østervold er ikkje den einaste spelaren som er ny i Lyseklosterstallen. Frå Nest Sotra har klubben gjort avtale om å låne Ole Thomas Herrem første del av sesongen.

Herrem kjem frå Bryne, er 22 år, og har det siste året spelt for Nest Sotra, men ein skade tidlege i fjorårssesongen gjorde at det blei lite speletid. Han er angrepsspelar og ein hurtig, plasseringsdyktig og målfarleg spiss.

– Lysekloster er eit godt lag som eg fekk spelt mot i fjorårets første treningskamp. Eg skåra forresten to av måla i den kampen. Eg kjenner og veit at Lysekloster har eit godt trenarteam, som eg trur kan gje meg god hjelp til å ta nye steg som fotballspelar, seier Herrem til klubbens heimeside.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.