Sport | 30. apr. 2017

Østervold seinka Stord

Lysekloster spelte i dag sin andre bortekamp mot Stord på fire dagar. I dag blei det fleire mål.

Østervold seinka Stord
Kristoffer Østervold, her i treningskamp mot Stord i vinter (som Lysekloster vann 8-0), skåra to i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 30. apr. 2017 19:17

Onsdag tok Lysekloster seg til 2. runde i NM med 0-1-siger borte over Stord. I dag møttest dei igjen, framleis på Stord, men å gras i staden for kunstgras.

– Kampen blei litt prega av det, med mykje kriging og gule kort, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

Kvart lag fekk tre gule kvar, men hos heimelaget fekk same mann to gule og måtte i 85. minutt av banen.

Stord - Lysekloster 2-4 (1-3)
Målskårarar, Lysekloster: Kristoffer Østervold 2, Denis Ljubovic og Thorvald Trætteberg.
Lysekloster: Chris Sunde Midtun - Durim Muckurtaj (debut), Tshizang'S-Kapinga Brazy, Denis Ljubovic, Espen Birkeland, Martin Pedersen, Joakim Helland, Vladan Radosjkic, Thorvald Trætteberg, Ole Thomas Herrem og Kristoffer Østervold.
Innbytarar med speletid: Thomas Helland (for Østervold frå 80.)
Fleire kampfakta på fotball.no

Kristoffer Østervold, som har skåra mykje for Lysekloster i treningskampar i vinter, sette inn 1-0 i 25. minutt og 3-0 i 30. minutt. Mellom dei to blei det nettkjenning på Denis Ljubovic (29.).

– Stord reduserte på eit langskot langs bakken rett før pause. Litt irriterande, men vi bruker ikkje tid på å tenkja på baklengsmåla i ein kamp som denne.

– I dag var vi tilbake der vi skal vera, både i måten vi speler på og i distansane kvar spelar legg bak seg. Vi hadde full kontroll og burde ha skåra endå meir.

Trætteberg auka til 4-1 tre minutt ut i andre omgang. Stord skåra kampen siste i 66. minutt.

– No gler vi oss veldig til derby mot Os neste helg. Vi er førebudd på at det kan bli ein tøff toppkamp, seier Hetlevik.

Laurdag 6. mai er det Lysekloster - Os frå klokka 16.00.

Os toppar tabellen med 7 poeng etter tre rundar, Lysekloster har tatt 6 poeng til no.

TERMINLISTE OG TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.