Lokal | 03. sep. 2015

Øvelse Bjørgvin er i gang

Vern om infrastruktur, olje og gass: 1600 soldatar skal øva i Os, Sund, Fjell, Øygarden, Fedje, Meland og Bergen fram til 10. september.

Øvelse Bjørgvin er i gang
Frå informasjonsfaldaren til Øvelse Bjørgvin. (Foto: Forsvaret)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 03. sep. 2015 19:43

Nærmare 1600 kvinner og menn fra Bergenhus Heimevernsdistrikt 09 (HV-09) deltar i Øvelse Bjørgvin. Hovedfokuset er på sikring av samfunnsviktig infrastruktur, spesielt olje- og gassinstallasjonar, i ein tenkt krisesituasjon.

Øvelse Bjørgvin starta i går og varer til 10. september. Den pågår på og rundt ulike objekt i kommunane Os, Sund, Fjell, Øygarden, Fedje, Meland og Bergen.

Heimevernet sine hovudoppgåver er vakthald og sikring av viktige militære og sivile objekt, nasjonal krisehandtering, bistand til politiet og øvrig støtte til det sivile samfunn. Under den pågåande Øvelse Bjørgvin er det spesielt sikring av de viktige olje- og gassinstallasjonane på Vestlandet som er i fokus.

Totalt vil om lag 1600 soldater fra Heimevernet vera i aksjon under Øvelse Bjørgvin, fordelt på seks heimevernsområder, stabsområdet, distriktets innsatsstyrker - Bjørn West og Salamander - og distriktsstaben. I tillegg er også Sjøforsvaret, FLO (Forsvarets logistikkorganisasjon), Cyberforsvaret, politiet, brannvesenet, Helse Bergen, Kystverket, Sivilforsvaret, lokale kommunar, Statoil, Telenor og Statens vegvesen involverte i øvelsen.

Folk flest vil kunna oppleva auka militær aktivitet langs vegar og på sjøen i og rundt dei aktuelle kommunane, skriv Forsvaret i ei pressemelding.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.