Lokal | 04. des. 2017

Øvelseskøyring enda i naustvegg

Ingen blei skadd då bil hamna i eit naust på glatten søndag kveld.

Øvelseskøyring enda i naustvegg
Sånn såg det ut etter at ein bil køyrde inn i ein naustvegg på Tøsdal søndag kveld. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. des. 2017 10:39

– Det var ingen folk ved bilen, og så vidt eg veit er det ingen av dei som bur i området som har ein sånn bil, fortel ein Midtsiden-lesar som søndag kveld sendte bilde til redaksjonen.

Politiet hadde heller ikkje høyrd om uhellet på Tøsdal, men det har nausteigar.

– Dei ringte meg sjølv og fortalte om skaden på naustet, seier eigar Torbjørn Tøsdal.

Store skadar

Bilførar forklarte at uhellet hadde skjedd under øvelseskøyring. Det var glatt i området då bilen segla inn i naustet og knuste den eine veggen.

Bilen har fått skadd hjulstilling og blei ståande igjen. Ingen personar skal ha blitt skadd.

– Også naustet har fått ganske store skadar. Grunnmuren er pressa ein halv meter inn i naustet, så standarane i gavlen heng i lause lufta.

– Heldigvis gjekk langveggen klar, seier Tøsdal, som no er opptatt av å få veggen tett fortast mogleg, for å sikra veden han har lagra i naustet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.