Sport | 04. mai 2016

Over 200 åttandeklassingar på veg til Borgafjellet

Her er spørsmåla dei får i løpet av årets Opptur.

Over 200 åttandeklassingar på veg til Borgafjellet
Oppturen starta klokka 9 i dag og elevane går i nydeleg vêr. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 04. mai 2016 08:21

Bildeserie:

Turlaget før enkelte marsjerte ut i løypa som vakt. (Foto: KVB)
Turlaget før enkelte marsjerte ut i løypa som vakt. (Foto: KVB)
Marcus Bruarøy, Steffen Andreasson, Trygve Herskedal og Oliver Bakkely klare for tur. (Foto: KVB)
Marcus Bruarøy, Steffen Andreasson, Trygve Herskedal og Oliver Bakkely klare for tur. (Foto: KVB)
– Gå på stien, ikkje trø på bakkane på Tøsdal. (Foto: KVB)
– Gå på stien, ikkje trø på bakkane på Tøsdal. (Foto: KVB)
Elevane plar bruka frå to til fire timar på løypa. (Foto: KVB)
Elevane plar bruka frå to til fire timar på løypa. (Foto: KVB)
Lærarane Martin Eidsvik og Torkel Hjertnes frå Lysekloster og Os sine A-lag er med på turen. (Foto: KVB)
Lærarane Martin Eidsvik og Torkel Hjertnes frå Lysekloster og Os sine A-lag er med på turen. (Foto: KVB)
I tillegg til tskjorte er det trekking av premie på startnummer. (Foto: KVB)
I tillegg til tskjorte er det trekking av premie på startnummer. (Foto: KVB)
1 av 6

I dag går årets Opptur av stabelen. Over 34.000 ungdomar frå 481 skular deltar, noko som er ny rekord.

- Opptur har hatt ein formidabel vekst sidan starten, med 6000 deltakarar i 2006. Fleire stadar står skular på venteliste for å vera med. Denne dagen er viktig for å gje ungdom ein smakebete på gledene ved friluftsliv, i ei tid då mange unge droppar å driva med fysisk aktivitet, seier Nils Øveraas, generalsekretær i DNT.

I Os er det Os Turlag som stiller opp. I går merkte dei løypa, i dag stiller over 15 vaksne medlemmar som vaktar.

– Vi har òg med oss elevar frå ambulanselinja ved Os vidaregåande skule, som er plasserte ute i løypa.

Til Borgafjellet med over 200 elevar

Alle 8. klassingane frå dei to ungdomsskulane i Os, Os og Nore Neset, er inviterte.

Det var 235 påmeldte og er rundt 220 som starta klokka 9 i dag.

Turen går frå Os ungdomsskule opp Borgavegen til Nordmarka, på den nye stien forbi Knutabruo til Tøsdal, opp Tøsdalsskaret, til Borgafjellet (353 moh) og ned igjen til ungdomsskulen.

– Gå på stien, ikkje trø på bakkane på Tøsdal, kom det frå megafonen til turlaget.

Dei raskaste i fjor kom i mål på rett under to timar, dei siste kom i mål etter rundt fire timar.

– Men dette er ikkje ein konkurranse. Enkelte springer det dei har, men det vel dei sjølv. Målet er at dette skal vera ei god turoppleving.

Får 3 spørsmål og 15 premiar

Dei unge turgåarane har fått med seg kvar sine kort til å stempla seg inn på ulike sjekkpunkt.

På enkelte sjekkpunkt får dei òg testa lokalkunnskapen sin.

Her er spørsmåla dei får, kor mange kan DU svaret på?

1. Svinningen er høgaste fjell i Os. Kor høgt er det?
a) 842 moh
b) 642 moh
c) 1042 moh

2. Kva for stad ligg ikkje i Os?
a) Kalandseid
b) Øvredalen
c) Ervikane

3. Kor mange menneske bur det i Os?
a) 21.000 - 25.000
b) 18.000 - 21.000
c) 15.000 - 18.000

Uavhengig av kor rett dei svarer blir det trekt ulike sportye premiar på startnummer.

– Vi har fått sponsa ein del av MX Sport og har både ryggsekk, hodelykt, termos, rumpetaske og drikkeflaske i premie. I tillegg har vi t-skjorte frå DNT som alle får.

Fakta om OPPTUR

• Nasjonal turdag for åttandeklassingar, arrangert av DNT sine medlemsforeiningar.
• Blei arrangert første gong i 2006 med 6000 deltakarar.
• Går i år av stabelen for 11. gong med over 34.000 ungdommer, noko som tilsvarar over halvparten av landets 8. klassingar.
• Heile 481 skuler deltar, noko som er 40 fleire enn i fjor.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.