Lokal | 17. sep. 2017

Øver i meir sivilie område

Denne veka vil det bli ein del uniformert og væpna personell å møta i Os, også på stadar der sivile ferdast.

Øver i meir sivilie område
Bilde frå ei tidlegare øving. (Arkivfoto/ill. foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 17. sep. 2017 20:31

Os Heimevernsområde har årleg trening den komande veka. Øvinga blir òg utanfor Ulven leir og dei meir faste øvingsområda.

– I år skal vi mellom anna trena på å løysa oppdrag på stadar der det bur sivile og er annan sivil aktivitet, fortel områdesjef, kapteinløytnant Lars Torpe.

Derfor vil det tidvis vera være uniformert og væpna personell å treffa på både til fots og i bil rundt om i Os og på Osøyro.

– Øvinga er så vidt i gang søndag kveld, frå morgonen måndag blir det patruljar å sjå, blant anna i sentrum.

Det blir tilsvarande opplegg for ulike troppar utover veka, med eit lite opphald, og aktivitet til og med laurdag.

– I perioden vil det òg vera stor aktivitet i og omkring Ulven leir. Der øver deler av Bergenhus HV-distrikt sin innsatsstyrke - Bjørn West.

Heimevernet er Forsvaret sin hurtige mobiliseringsstyrke med lokal tilknytning over heile landet. Hovudoppgåvene til Heimevernet er vakthald og sikring av viktige militære og sivile objekt, men Heimevernet kan òg yta bistand til politiet og sivile beredskapsaktørar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.