Næringsliv | 13. mars 2012

Overtar på Lekven

Førre prosjekt havarerte. No overtar lokale krefter den attraktive tomta ved Lekvenvågen.

Overtar på Lekven
– Tomta er veldig attraktiv. No vil vi bygga mange små og prisgunstige hus her, seier Øyvind Tøsdal om området ved Lekvenvågen. (Ortofoto: Os kommune)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 13. mars 2012 15:00

I mai i fjor fortalte vi om suksessen i Lekvenvågen; 6 selte bustadar på 5 dagar.

I januar i år kom kjøparar til Midtsiden og fortalte om manglande byggestart og manglande tilbakemeldingar.

Utbyggar Arkiton forklarte at grunnen var vanskar med finansieringa.

Ut for sal

Arkiton har sidan jobba med å få prosjektet finansiert. Etter det Midtsiden kjenner til har også andre prøvd å få løysa ut tomta før banken tok i bruk panten.

Til slutt var fristen ute og tomta blei lagt ut for sal av banken tomteeigaren hadde lån hos.

Då slo Bygg Concept AS til.

– Tomta ligg veldig fint til, eit steinkast frå sjøen og samtidig med kort avstand frå Os sentrum, seier dagleg leiar Øyvind Tøsdal.

Fleire og billigare

– Vi har fått tilbod om å kjøpa tomta og prosjektet tidlegare, men rekna på det og fann ut at det ikkje lét seg realisera med dei prisane det var selt for, fortel Tøsdal.

– Derfor lager vi no eit nytt prosjekt på tomta, legg han til.

Tøsdal bruker arkitekt Olav K. Bjelland til å teikna eit nytt prosjekt på tomta, og ser ikkje vekk ifrå at endringane blir så store at det må lagast ny reguleringsplan.

– Vi vil laga fleire, men rimelegare bustadar. Alle med to soverom, men helst i ein prisklasse rundt 2,2 millionar kroner.

– Justerer oss etter marknaden

Tøsdal og Bygg Concept har hatt suksess i Halhjemsmarka III med små, rimelege husvære. Torsdag skal plan- og byggningsutvalet behandla søknad frå Bygg Concept om endring frå 8 til 12 einingar i eit prosjekt i Greidalsvegen. Av same årsak.

– Vi ser at det er etterspurnad etter bustadar i denne prisklassen derfor justerer vi oss etter dette. Vi har stor tru på prosjektet i Lekvenvågen òg, men ventar med å kontakta tidlegare interessentar, dei som før jul hadde bindande bod i førre prosjekt, til vi er ferdige med å forma våre planar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.