Sport | 03. mai 2018

Overtar som Os-trenarar

Tim Henrik Sperrevik blir hovudtrenar og får med seg ein som på 90-talet leia Os opp til 1. divisjon.

Overtar som Os-trenarar
Frode Steffensen (bilde frå 2005) og Tim Henrik Sperrevik skal leia Os sitt A-lag ut sesongen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 03. mai 2018 19:44

Styret og sportsleg utval i Os Fotball har lagt ferdig den nye trenarkabalen etter at Karl Kvile tredde til side veka etter serieopninga.

Kabalen blei ikkje komplisert; Tim Henrik Sperrevik steppar opp frå assistent til hovudtrenar og får med seg ein som har trent Os to gongar tidlegare, Frode Steffensen, som assistent.

Sperrevik har leiar Os til 9 av 9 poeng i dei tre kampane etter serieopninga, Steffensen har sete i styret frå 2014 til 2017, men har òg bakgrunn både som spelar og trenar. I seinare tid har han spelt oldboysfotball med Os, men så seint som 2011 var han på banen for Os 2, saman med andre frå oldboysen, i ein kamp andrelaget mangla spelarar.

– Vi er veldig glade for at Tim Henrik kunne utvida ansvaret og engasjementet sitt. Han har lang fartstid som spelar, han har trent laget også tidlegare og han har hatt ein god vinter og vår med laget, seier sportsleg leiar Jan Frode Skeie.

Erfaren assistent kan få ein bråstart

Jan Frode er òg nøgd med at Steffensen vil tilbake med trenarengasjement på Kuventræ.

– Han var spelande trenar og lagkamerat med meg då vi i 1991 rykte opp til 1. divisjon, og han trente A-laget saman med Per Olav Sørås i 2005, året før Øyvind Nordtveit leia Os til opprykk til 2. divisjon.

– Frode har dessutan sete i styret dei siste fire åra, og kjenner godt til dagens Os-lag, og han har vore trenar i Fana, og kjenner spelarutviklaren vår Per Hilmar Nybø godt.

Skeie fortel at Sperrevik har fått seg ein skade i ryggen, og blir ute av drift nokre dagar. Steffensen kom sjølv tilbake frå ferie i dag.

– Han kan få seg ein bråstart til helga, men han har òg Endre Brenne å støtta seg til. No skal Brenne helst vera på banen når det er kamp, så Steffensen kan bli kasta rett i leiarposisjon.

Os tar imot Sund på Kuventræ førstkomande laurdag.

– Ser fram til å bidra

Steffensen seier at han, sjølv om han ikkje har tid til å bidra så mykje som då han var hovudtrenar, gler seg til å vera med Tim Henrik, Per Hilmar og Chris Kytiri på feltet med dagens lag.

– Eg har følgt med på Os også dei siste åra, og sjølv om eg har vore ein del på reise i det siste, og berre sett nokre treningskampar i vinter, ser eg at det er kvalitetar i dette laget som gjer at eg trur dei kan få ein god sesong.

– Eg kjenner Tim godt og eg har jobba mykje saman med Per Hilmar. Då klubben spurde om eg kunne vera med så takka eg ja, og eg gler meg til å koma i gang, seier Frode.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.