Sport | 13. feb. 2017

Øvredal heldt buret reint

Lysekloster styrte treningskampen mot 2. divisjonslaget Vard Haugesund.

Øvredal heldt buret reint
Frode Moberg Øvredal, som gjekk frå Os til Lysekloster i fjor, heldt buret rein i omgangen han spelte mot Vard Haugesund søndag. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 13. feb. 2017 08:11

Etter 0-1 i ein sterk defensiv treningskamp mot OBOS-laget Åsane spelte Lysekloster i går mot Vard Haugesund i Vestlandshallen.

Vard Haugesund, som i fjor tok 4. plass i Lysekloster si avdeling i PostNord-serien (2. divisjon), la seg lågt.

– Vi hadde ballen i nesten heile kampen. I første omgang skapte vi seks målsjansar, etter pause måtte vi, for første gong, spela mot 6-3-1-formasjon, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

– Også etter pause hadde vi ballen mykje, men vi fekk nokre stygge brot imot. Alt i alt er eg nøgd med det vi får til, og eg ser det som eit kompliment at Vard legg seg så lågt som dei gjorde.

Lysekloster - Vard Haugesund 2-2 (2-0)
Mål, Lysekloster: Håkon Moldekleiv og Kristoffer Østervold
Lysekloster: Frode Moberg Øvredal - Thorvald Trætteberg, Kapinga Brazy, Denis Ljubovic, Joakim Helland, Martin Pedersen - Vladan Radojkic, Espen Birkeland -Håkon Moldekleiv og Ole Thomas Herrem - Kristoffer Østervold.
Innbytarar med speletid: Chris Sunde Midthun, Asgrim Tangen Farnes, Aleksander Andersen, Tommy Gaustad og Håkon Kvittingen.

Lysekloster speler neste treningskamp mot Fyllingsdalen om knappe to veker.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.