Sport | 09. sep. 2009

Øydela for Vadmyra

Med siger over Os ville Vadmyra heldt liv i håp om krinsmeistertittelen for junior elite, men dei fekk uventa sterk motstand.

Øydela for Vadmyra
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. sep. 2009 20:24

Tysdag reiste Øyvind Steffensen til Loddefjord med eit juniorlag fritt for lån fro Os 2 og A-laget. I møtet med Vadmyra, som ville ha klatra frå 4. til 3. plass med siger over Os, imponerte dei unge osingane.

- Vadmyra har mange store og fysisk sterke spelarar, men vi matcha dei både i fysikk og spel, sjølv om vi berre hadde éin sisteårsjunior på laget, seier trenar Steffensen.

Heimelaget tok leiinga før pause, men 1-0 blei fort snudd.

I føringa fem minutt før slutt
Espen Kopperud skåra to kjappe mål i andre omgang. Så mista Os ballen på midtbanen, og heimelaget skåra på eit godt angrep.

- Ein retur frå keeper blei så snappa av Børge Borgen, som gav oss leiinga igjen, men 2-3 heldt ikkje heilt inn.

Os-keeper Even Bjoarvik måtte gje retur på eit godt frispark fem minutt før slutt, og heimelaget utlikna til 3-3.

- Synd at tre poeng glapp, men alt i alt eit greit resultat og ein veldig god prestasjon av gutane, meiner Øyvind.

Os junior elite spelar neste kamp på heimebane mot Brann sundag (kl 14.00).


SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.