Lokal | 18. sep. 2014

P-husteikningar levert

Måndag gjekk fristen for å levera skissene på parkeringshuset på Osøyro ut. – No skal ein fagjury vurdera innspela, fortel ordførar Terje Søviknes.

P-husteikningar levert
Representantene frå dei tre arkitektkontora lytta nøye då ordførar Terje Søviknes fortalde under befaringa i juni (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 18. sep. 2014 12:49

4. juni var representantar for dei tre arkitektkontora kommunen har invitert til å teikna parkeringshus og kollektivterminal på Osøyor på befaring.

– Eg kan ikkje seie noko om forslaga enno, anna enn at alle tre firma har levert bidrag.

– No skal vi gjera som vi gjorde då vi hadde arkitektkonkurransa for bydraget, nemleg å la ein fagjury, av tre uavhengige fagfolk, få sjå anonymiserte versjonar av planane.

– Dei skal så komma med ei tilråding som styringsgruppa for «Liv på Øyro» så skal ta stilling til.

– Den 13. oktober skal vi har møte i styringsgruppa kor tilbydarane kjem og presenterar sin bidrag. Då vil dei bli offentleggjort, fortel ordførar, og leiar for styringsgruppa, Terje Søviknes (Frp).

Det trafikale, ei utfordring

Dei tre arkitektkontora, Cubus, Link og ABO, fekk heile sommaren på seg til å finna løysinger på korleis kombinera parkering, kollektivterminal og kanskje næring i same bygget.

– Den største utfordringa blir nok å kombinera dei trafikale utfordringane med det estetiske, fortalde arkitektane då dei var på befaring.

Korleis dei har løyst det får vi først sjå når kommunen offentleggjer planane. Endeleg vedtak i formannskapet skjer truleg 2. desember.

Les òg: Utlyser P-konkurranse

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.