Lokal | 28. sep. 2016

På catwalken med rullator

Til musikk som sto i stil med alderen på publikum - og fleire kjente ansikt som modellar - blei det eit stemningsfylt moteshow på Luranetunet tysdag.

På catwalken med rullator
Einingsleiar Aud Winsents (t.v.) var blant modellane på Luranetunet i går. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. sep. 2016 08:04

Måndag blei det premieutdeling etter topptur-konkurransen på Luranetunet i sommar, i går var det moteshow for bebuarar, pårørande og tilsette.

– Vi frå Instinct, Moberg Sko, Interoptikk Bakketeig og Madam Ane hadde førebudd oss og kledd opp modellar dagen før, så vi stilte på Luranetunet med stativ fylte med klede og sko. Vi fekk god hjelp frå mange flotte modellar blant dei tilsette frå sjukeheimen saman med dei vi hadde med oss, fortel dei tre butikkane i ei pressemelding.

– Klokka nærma seg 17 og bak scenen steig temperaturen, for her var det mange som skulle gjera noko dei aldri hadde gjort før, og det gjekk nok mang ein tanke gjennom hovudet der bak når dei såg at det strauma på med folk i salen.

Heis etter heis kom bebuarar opp til kantina, og litt over kl 17 var det så godt som fullt på stolar og i rullestolar.

Med god hjelp frå Os Frivilligsentral, vart alle plassert slik at dei skulle få sjå godt på dei som skulle vandra nedover scenen og visa klær og sko, og sjølvsagt; briller.

Aktivitetskoordinator i Os kommune, Grete Byrkjeland, som var den som hadde teke initiativet til dette moteshowet, tok rolla som konferansier, noko som ho på si vakre dialekt gjennomførte med stil.

Modellane kom på catwalken og i bakgrunnen kunne dei frammøtte lytta til kjende tonar frå den gong då dei gjekk på dans eller lytta til musikk, og det var tydelig at mange kjende igjen musikken.

Den tøffaste modellen denne kvelden må vi alle vera enig i at er svigermor til Grethe Byrkjeland, Trudi.

Ho entra scenen på spesiallaga trappetrinn av vaktmesteren to minutt før start, med sin rullator og ei god hand, og inntok scenen som om ho hadde gjort dette mange gongar før. Dama er 86 år, kjem frå Nederland og elskar nye oppgaver og utfordringar.

Etter flotte antrekk, sko og briller og modeller som kom frå oppgavene med topp karakter, mange gode modell emner som jobbar i helsevesenet, var det tid å takke dei alle for vel gjennomført catwalk.

Kvelden blei avslutta med ei utlodding av gåver som vi hadde med opp til stor begeistring til alle som var tilstades.

Vi rettar ein takk til Luranetunet, bebuarar, tilsette, administrasjon, Os kommune ved Grete Byrkjeland og Os Frivilligsentral, som arrangerer slike flotte tilstellingar.

Vi kjem gjerne tilbake ein annan gong!

Med helsing
Instinct, Moberg Sko, Interoptikk Bakketeig og Madam Ane

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.