Sport | 03. apr. 2016

På innsio: Høyt og Lavt

VIDEO: Vi har vore utandørs, men inne i, den nye klatreparken rett over Vallaheiane.

Ørjan Håland
Ørjan Hålandsøndag 03. apr. 2016 07:38

Osingane har lange tradisjonar for å reisa til Fanafjellet for å ha det kjekt. No er det nokre år sidan setra og kafeen blei lagt ned, men frå hausten 2015 har vi kunna reisa til ein annan «haug» rett over kommunegrensa for opplevingar utandørs.

Høyt & Lavt-kjeda, som Os Asvo er stor leverandør til, blei i fjor haust representert i Bergen.

Den første månaden hadde Høyt & Lavt Bergen 3000 besøkande, ifølgje Fanaposten. Etter ein vinter der det berre har vore ope for grupper, var det sesongstart til påske og duka for første heile driftsår på Kyrkjebyrkjeland.

Klatreparken består av 109 element, 18 zip-liner og 6 løyper. Løypene er graderte med fargar, der oransje er dei enklaste og raud er mest vanskelg. Det er òg planar om ei svart løype.

Fram til 20. juni er klatreparken berre open for individuelle besøk i helgene, med unntak av raude dagar, men gjennom sommaren er den open kvar dag. Parken har ikkje aldersgrense, men enkelte høgdekrav.

Her kan du sjå tidlegare videoreportasjar i serien På innsio:

ARKA
Hagavik Hjemmebakeri
Solstrand Hotel & Bad
Oselvarverkstaden
Alutec
Os Tannteknikk
Os Asvo
Hodneland Bygginredning
Heggland Heiltre
Vestmekaniske
Vestlandske Heiltremøblar
Lyssand Gartneri

Midtsiden - alle saker med video


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.