Lokal | 09. okt. 2016

På innsio: Livet på brakkeriggen

Bli med Midtsiden og tillitsvald i Veidekke, Sven Almås, på innsio av mannskaps- og forpleiningsriggane i Ådnadalen.

Ørjan Håland
Ørjan Hålandsøndag 09. okt. 2016 07:47

I november i fjor blei «Ådnadalen hotell», brakkene som mannskapa på E39 Svegatjørn-Rådal, bur og et i løfta på plass på parkeringa framfor Reli Os.

270 mann

I riggene til Veidekke og Vassbakk & Stol bur det omlag 270 mann som jobbar på vegen til byen.

– Det er ei rullering, så alle er ikkje her samstundes. Vi går formiddagsskift, ettermiddagsskift eller har friveke, fortel Sven Almås, tillitsvald i Veidekke.

Meir sosialt før

Den erfarne anleggsarbeidaren som har jobba 34 år på anlegg fortel at det var meir sosialt på brakkene før.

– No er det kvar mann sin mobiltelefon eller nettbrett, så det var nok meir sosialt før då vi måtte på fellesrommet for å lesa aviser og slikt.

Kake og dessert kvar dag

Kokk Hege Hesthammer si oppgåve er å ta godt vare på arbeiderane.

– Guttane har det bra her, smiler Hesthammer som kvar dag sørger for at dei får både kake og dessert til middagen.

Sjå òg Midtsiden si samleside om E39 Svegatjørn-Rådal

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.