På innsio: Skjelbreid Poirée

På innsio: Skjelbreid Poirée

Liv Grete viser rundt på den 1000 kvadratmeter store konferansehytta.

Av: Ørjan Håland

«På innsio» var ny, fast serie med videoreportasje då vi i første episode besøkte Lyssand Gartneri i oktober 2015.Sidan har det blitt ei rekkje bygg og verksemder vi har vist innsida av, men vi har fleire på lista. Etter oppfordring frå fleire lesarar har vi no tatt opp igjen innsio-reportasjane, no også med nokre verksemder frå kommunen vi frå 2020 er eitt med.

Skjelbreid Poirée AS opna konferansesenteret på garden Skjelbreid i Hålandsdalen 15. juni 2015.

Den 1000 kvadratmeter store hytta har eigen laserskytebane på loftet, ein stor Parc Aventure med zipline utandørs og heimekoseleg hyttekjensle trass storleiken på hytta.

Hos Skjelbreid Poirée kan du òg sjå det som truleg er Vestlandets største premiesamling, då Liv Grete Skjelbreid, Ann-Elen Skjelbreid, Egil Gjelland og Raphaël Poirée har delar av premiane sine samla på éin stad. Vi nemner 51 VM-medaljar, 7 OL-medaljar, 5 krystallkuler som bevis på samanlagtsigrar i verdscupen og 6 kongepokalar.

• Førre På innsio-reportasje: Os Dyreklinikk

• Tilbakeblikk: Sjå alle På innsio-reportasjane