Lokal | 23. mars 2016

På oppdrag for vegvesenet

To båtar frå DOF patruljerte Bjørnafjorden før påske. Neste veke er dei tilbake.

På oppdrag for vegvesenet
Geosund frå DOF er på oppdrag for vegvesenet, her utanfor Røttingen, nær Kobbavågen. (Foto: Oddmund Lunde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 23. mars 2016 07:33

Han vekker oppsikt, særleg når han kjem nær land, multifarkosten Geosund.

– DOF er på oppdrag for oss for å kartlegga botnen i Bjørnafjorden, seier Mathias Eidem frå Statens vegvesen.

Eidem har ansvar for fjordkryssing-prosjektet på E39 Aksdal - Bergen og trengt betre data frå botnen mellom Reksteren og Søre Øyane.

– Dei har to båtar i sving, Geosund og ein liten katamaran. Begge var i fjorden før påske og dei skal tilbake etter påske.

Les òg: Forkastar Bjørnatrynet som alternativ

Ankerplass til hengebru

DOF sjekkar ikkje berre djupna, også tjukkleiken på massane på botnen skal målast.

– Er det berre den mest aktuelle traseen som blir sjekka?

– Nei, det er ganske store område i Bjørnafjorden, Langenuen og litt opp i Korsfjorden. Tre potensielle ankerlokalisasjonar blir sjekka spesielt godt.

100 meter med komplisert teknologi

Geosund er bygd i 2001 og tilpassa i 2006. Båten utgjer den mest kompiserte delen av flåten til DOF; subsea.

Farkosten er 98,5 meter lang og 18,5 meter brei. Den har kapasitet til ein mannskap på 88.

Les meir om Geosund på DOF.no.

Midtsiden følgjer: E39 Hordfast

Siste: Indre alternativ framleis dyrare enn fjordkryssing

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.